I dag ville Bjørn ha fylt 60

07.03.2022

Han vart berre 49 år. 7. mars 2022 ville bror Bjørn ha fylt 60 år.

Vi var fire brør. Bjørn kom som nummer tre i rekka. I det trygge oppvekstmiljøet på Kvennbø var Bjørn ein sosial fargeklatt, som alle sette pris på. Han lika seg spesielt godt på Litj-Kvennbø og på Gjeret. Her var det alltid nokon heime, og på desse gardane møtte han gjestfridom og omsorg. Ofte fekk dei besøk av framandkaren frå Utigard fleire gonger i løpet av dagen.

Bjørn hadde også eit nært forhold til søstrene Ann og Ingeborg i Åslykkja. Kvar julaftan var han ein tur dit for å utveksle presangar. Etter kvart vart Vollan eit haldepunkt. Det var berre to år mellom Bjørn og Jon. Dei hadde mykje moro i lag. Så ville lagnaden det altså slik at begge skulle gå bort så altfor tidleg.

Mange vil heilt sikkert hugse Bjørn som usedvanleg interessert i bussar. Han var ofte innom Surnadal Billag sitt anlegg på Øra. Frå Kvennbø kunne han fastslå nummeret på bussane som passerte borte på riksvegen - over ein kilometer i luftline unna. Ikkje fordi han såg tala, men på grunn av kjenneteikn som gardinfarge, takgrind og andre ting.

I vaksen alder arbeidde Bjørn ein del år innafor ambulanse- og helsetenesta. Han var opptatt av familien og slekta, og var stolt pappa til Bendik, som no er 28 år gammal. Bjørn fekk og oppleve å bli onkel til sju. 

I gravferda til Bjørn sa eg at sjølv om vi no er berre tre brør att, vil han for alltid vere med oss. Slik har det vorte. Bjørn er innom tankane mine både titt og ofte.

I dag har eg tenkt ekstra mykje på den kjære bror min.