Ei avis såg dagens lys

24.11.2021

24. november får meg alltid til å tenke på første utgåve av den nystarta avisa Indre Nordmør. Drøye tre veker etter at dei tilsette hadde begynt i jobbane sine, gjekk nr. 1/årgang 1 ut til alle husstandar i Surnadal, Halsa og Rindal 24. november 1979.

Sjølv vart eg sittande i redaktørstolen i tre år, før ferda gjekk vidare til Stjørdal. Det skulle bli ei tid med medgang, motgang og ubeskriveleg mykje arbeid. To gonger i løpet av det første året varte arbeidsdagen i 26 timar. Vi jobba samanhengande frå klokka åtte om morgonen til sunndalsbussen hadde gått med manuskript, bilde og annonsar klokka ti den neste dagen.

Avisa starta med tre utgjevingar i veka. Det store målet var å nå to tusen abonnentar i løpet av 1980, slik at Indre Nordmør kunne få pressestøtte frå 1981. Det gjekk ikkje, sjølv om dekninga vår i nedslagsfeltet ikkje stod noko tilbake for konkurrentane. Året etter var vi svært nær ved å klare målet. Indre Nordmør var da berre nokre tital abonnentar unna den magiske 2000-grensa. Men det var altså akkurat nok til ikkje å få statssøtte. Resultatet vart at utgjevarfrekvensen mot slutten av 1982, berre nokre få veker før eg slutta, vart redusert til ei avis i veka.

Det var ei spesiell tid, som det kunne ha vore skrive mykje om. I dette tilbakeblikket vil eg nøye meg med å seie at sjølv om det store målet ikkje vart nådd tidsnok, er eg stolt over det vi med begrensa ressursar klarte å oppnå. Nesten 2.000 abonnentar i Surnadal, Halsa og Rindal - det står seg godt den dag i dag.

Mange gjorde ein fenomenal jobb. Jostein, Otto, Kjell Gunnar, Jan-Erik, Henrik og ei lang rekke fleire med ymse tilknyting til avisa: Eg gløymer aldri den stå på-viljen som rådde i andre etasje i kraftlagsbygget på Skei. De var utrulege!

Da Indre Nordmør starta opp, rusta dei andre avisene som dekte området seg til kamp. Aviskrigen førte til at det dagleg var 7-8 journalistar i sving i surnadalsområdet på denne tida. I tillegg kom eit korps med frilansarar. Dei store vinnarane i konkurransen var altså lesarane.

Indre Nordmør vart nedlagt i 1991, som eit ledd i det eg har oppfatta var ein hestehandel som skulle vise seg ikkje å gå heilt etter planen.