Ingolf Mork vann Hoppuka – til slutt

30.12.2021

Hoppuka starta dårleg for nordmennene i 1971. Norge sitt store håp, Ingolf Mork, hamna heilt nede på 22. plass i opningsrennet i Oberstdorf. Beste nordmann, Jo Inge Bjørnebye, kom på 10. plass. Bjørn Wirkola enda på ein svært skuffande 44. plass.

Men Ingolf Mork skulle altså bli hoppukevinnar. Og det skjedde faktisk i 1971/72, da alt starta så dårleg i Oberstdorf.

Historia som førte fram til Mork sin triumf er litt spesiell. Den starta året før, da romsdalingen vann renna i Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen og Bischofshofen. Men eit fall i innsbruck øydela alt for Mork, og Jiri Raska frå Tsjekkoslovakia smatt forbi i samandraget. Det var eit bittert tap. Storhoppararen frå Hjelset var i kanonform under Hoppuka dette året.

Men i 1971/72 skulle det gå. Japanaren Yukio Kasaya vann dei tre første renna. Så reiste Kasaya heim for å førebu seg til OL på heimebane i Sapporo før det siste rennet. Dette bana veg for Ingolf Mork, som vart ståande att som samanlagtvinnar.

Ein kan godt seie at Mork var heldig. Men så var han også tilsvarande uheldig året før. Alt i alt var det etter mi meining svært fortent at han sikra seg det gjeve trofeet i 1971/72. Den som ikkje deltek, kan ikkje vinne.

Ingolf Mork døydde i 2012, berre 64 år gammal. Ettersom eg budde mange år på Hjelset, vart eg godt kjent med Ingolf gjennom idrettslaget Hjelset-Fram, der vi begge hadde ymse verv. Den tidlegare meisterhopparen brann for klubben sin. Han var ein visjonær grasrotarbeidar, som gjorde ein stor innsats på mange felt for Hjelset-Fram så lenge han levde.

Hoppuka si historie rommar åtte norske vinnarar: Olaf Bjørnstad (1953/54), Toralf Engan (1962/63), Torgeir Brandtzæg (1964/65), Bjørn Wirkola (1966/67, 1967/68, 1968/1969), Ingolf Mork (1971/72), Espen Bredesen (1993/94), Sigurd Pettersen (2003/04) og Anders Jacobsen (2006/07).

For Bjørn Wirkola sitt vedkomande må det leggast til at han også hadde to andreplassar. Han tok sølvet bak Brandtzæg i 1964/65 og kom like bak Horst Queck i 1969/70. Det var altså nære på at Wirkola vann fire år på rad.

Hoppmålarane i Østerrike var både unøyaktige og sjåvinistiske på denne tida. Wirkola har i ettertid hevda at han vart snytt for 1,5 meter under rennet i Innsbruck i kampen mot Horst Queck. Queck slo Wirkola med berre 2,8 poeng i samandraget. Halvannan meter ekstra ville ha sendt nordmannen forbi hopparen frå DDR med knappast mogleg margin.

Eg tvilar ikkje på at Bjørn Wirkola har rett i kritikken mot lengdemålarane. Han var ikkje den einaste som hadde slike opplevingar i bakkane i Østerrike før elektronikken overtok lengdemålinga.