Jul på Nordmøre for 87. gong

24.11.2022

2022-utgåva av Jul på Nordmøre er i handelen. Heftet er inne i sin 87. årgang, og fortener truleg merkelappen Nordmøres mest robuste juletradisjon.

Eg og Karin Ormbostad frå Kristiansund har utgjort skriftstyret dette året. Vi er altså ingen stor organisasjon. Til gjengjeld er vi utruleg effektive. Karin er ein racer på annonsesal, distribusjon og praktiske ting. Eg har ansvaret for det redaksjonelle innhaldet. Å lage eit julehefte er til ein viss grad ein sesongbetont syssel. Men sesongen er lang. Eg starta arbeidet med den redaksjonelle delen av produktet så tidleg som i juni.

2022-utgåva er laga etter det som eg vil kalle ei kjent og kjær oppskrift. Heftet skal være gjenkjennbart frå år til år. Juletradisjonar er ikkje noko ein eksperimenterer med. Samtidig er det viktig med fornying. Også i år blir lesarane kjent med nye skribentar. Utanom meg sjølv, har desse bidratt i 2022: Anna Sæther, Reidun Flatøy, Kolbjørn Gaustad, Erling Myrbostad, Jorolv Holten, Tommy Rustad, Rolf Hindhammer, Kristian Ranes, Jorunn Kittang Verlo, Ole Roar Sæther, Jon Holten, Tor Erik Jenstad, Steinar Brunsvik, Liv Løften Bureid, Egil Knarvik, Kenneth Kiplesund, Eivind Hasle, Aud Solvær, Jostein Seljehaug, Johs. J. Vaag.

Framsida er teikna av Bergljot Hals. Finst det julehefte som har finare framside enn Jul på Nordmøre? Mediahuset på Sunndalsøra står for strålande grafisk produksjon.

Eg vil rette ein stor takk til alle skribentar, annonsørar og andre bidragsytarar. Utan deira velvilje, hadde det ikkje vorte noko julehefte. 

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidligare år. Det betyr at dei fleste interesserte ikkje treng å reise langt for å kunne kjøpe Jul på Nordmøre, som kostar 150 kroner.