God jul!

21.12.2021

Jula er berre få dagar unna. No tek Vebju juleferie. Eit lite stykke ut i romjula kan du vente påfyll av meir stoff.

Dei komande dagane skal brukast saman med dei som betyr aller mest. Det blir julefeiring på Tau, med to barnebarn i sentrum. Verkeleg noko å sjå fram til!

Vi gjekk inn i 2021 med koronaviruset hengande over oss. På same måte skal vi gå ut av året. Omikron-varianten endra alle spelereglar. At denne jula skulle bli så sterkt prega av korona og koronarestriksjonar, hadde ingen trudd for nokre månader sidan.

Kva 2022 vil bringe veit ingen. Jula er eit gyllent høve til å samle krefter, og sette seg sjølv i best mogleg stand til å møte dei store og små utfordringar som det nye året kjem til å by på.

Folk feirar jul på ulikt vis. Jul kan vere alt frå å markere at sola snur, til å ta innover seg at vi små menneske er ein del av noko som er så mykje større enn oss sjølve. Juleevangeliet kan sjåast på som eit eventyr som ikkje betyr noko, eller det kan lesast som ein bodskap om håp og som ein vegvisar til fred på jord. Vi kan tru. Vi kan lat vere å tru. Eller: Vi kan tvile.

Juleevangeliet er i mi verd ei sterk forteljing. Ei forteljing som dreg ein himmelkvelving over tilværet, og som utgjer viktige bitar i det store puslespelet som skal vise meininga med livet. Ole Paus seier det slik: «Det fineste med julen er jo historien om hvordan det svakeste vinner over det sterkeste. I julefortellingen er et nyfødt barn sterkere enn den største krigsmakt».

Ole Paus si tolking av evangeliet fortel meg at det ikkje er bortkasta å vere pasifist.

Med eit klassisk julekort av Jenny Nystrøm (1854-1946) ønsker eg alle ei fredeleg jul.