Ein utriveleg kveld - og eg lærte eit nytt ord

22.11.2021

22. november 1963 høyrde eg for første gong ordet «mord». Vi hadde nettopp kjøpt TV heime, og opplevinga med å få drapet på president John F. Kennedy rett inn i stua gjorde eit sterkt inntrykk på ein sjuåring. Eg visste kva eit drap var. Men opplesaren på Dagsrevyen sa «mord». Det nye ordet gjorde det heile enda meir utriveleg.

I 1963 var 22. november ein fredag. Da skota fall, var klokka i Dallas 12.30. Ein halv time seinare vart presidenten erklært død. På denne kvelden hadde fjernsynet fire programpostar: 18.00 Kosekroken, 20.00 Dagsrevyen, 20.30 En plass i solen. Filmreportasje fra verdens eldste kongerike og 21.00 Detektimen. Helgenen. Klokka 21.50 var TV-kvelden over.

Om presidentmordet vart nemnt i Dagsrevyen, er eg ikkje i stand til å hugse. Men det er kanskje tvilsamt, i ei tid der alt gjekk mykje meir sakte enn i dag. Tidsforskjellen mellom Norge og Dallas er sju timar. Dagsrevyen starta dermed berre ein halvtime etter attentatet, og samtidig med erklæringa om presidenten sin bortgang.

Eg meiner heller at da Dagsrevyen gjekk ut med nyheita, var det i ei ekstrasending seinare på kvelden. Ein svært alvorstynga opplesar starta slik - eg høyrer orda for meg enno: «President Kennedy er død». Eg er nokså sikker på at denne Dagsrevy-medarbeidaren var Bjørn Tore Bryn. Men erindringa kan sjølvsagt vere feil. Absolutt.

Uansett vart det ein svært dyster og spesiell kveld. Folk hadde høyrt og lest om drap på presidentar og statsmenn før. Men alt slikt var jo så langt unna fredelege Norge. No tredde dramatikken fram i all sin gru i snøfokken på ein liten svart/kvitt TV-skjerm i stua heime på Kvennbø.

Plutseleg var ikkje USA så fjernt. Og enda mindre skulle verda bli etter kvart.