Khrusjtsjov tok Norge med eit smil - før han vart avsett

15.10.2021

På denne dagen i 1964 vart Nikita Khrusjtsjov avsett som leiar for Sovjetunionen. Han hadde da styrt det mektige og lukka landet sidan 1958.

Same år som han gjekk av, var Khrusjtsjov på statsbesøk i Norge. Han ga Sovjetunionen eit heilt anna ansikt enn det nordmennene var vande med, og vart faktisk nokså populær her til lands. Da han kom til Norge, sendte fjernsynet direkte. Det var ikkje daglegdags den gongen.

Leonid Bresjnev tok over etter Khrusjtsjov. Han sat ved makta til han døydde 10. november 1982. Jurij Andropov vart ny Sovjet-leiar, men allereie i februar 1984 døydde også han. Andropov var sjuk i store delar av si tid som leiar, og viste seg ikkje offentleg dei seks siste månadene han levde.

Konstantin Tsjernenko kom så til makta. Det gjekk heller ikkje så bra. Allereie 10. mars 1985 døydde han, noko som bana vegen for Mikhail Gorbatsjov.

Resten er verdshistorie.