Det finst inga klimakrise. Eg leste det på Facebook seinast i dag

13.08.2021

Når folk går til doktoren og får beskjed om at dei har ein sjukdom som må takast på alvor, vil dei aller fleste lytte og gjere som doktoren seier. Annleis er det derimot når 700 framståande forskarar frå 90 land prøvar å fortelje oss at menneskeskapte klimaendringar trugar framtida til kloden. Om få generasjonar kan delar av jorda bli ubeboelege. Det er ein beskjed som sjølvoppnemnte klimaekspertar i sosiale media og kommentarfelt med den største overtyding stemplar som oppspinn.

Det finst inga klimakrise. Eg leste det på Facebook seinast i dag. Da tenker eg slik: Kan ikkje da ein av desse som så tydeleg har sett lyset sende ein e-post til leiaren i klimapanelet, Hoesung Lee, og forklare at han er på ville vegar. At han og dei 700 kollegaene i klimapanelet heller må begynne å lese Facebook, enn å spreie forvirrande desinformasjon om temperaturauke og ekstremver. Det er da for gale at så mange godt betalte personar med høg utdanning skal kaste bort tida si på denne måten.

I same slengen kan det vel passe med ein beskjed om å gå av til generalsekretær i FN, António Guterres. Han meiner den siste klimarapporten gjer det nødvendig at verdas land avsluttar all leiting etter fossilt brensel. Vi kan da ikkje tillate at ein mann i ein slik posisjon driv med skremsler og tullprat?

Ein del av oss tek tydelegvis til seg den forskinga som der og da passar best. Det er mest behageleg slik. Eg trur dei færraste klimafornektarar - det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at dette stort sett er godt vaksne menneske - vil ignorere ein beskjed om alvorleg sjukdom. Det er for risikabelt. Å slutte seg til konspirasjonsteoriar om at klimakrisa er oppdikta, kostar derimot ingenting. Sjølv om dokumentasjonen på at kloden nærmar seg stupet er overveldande.

Framtida er komande generasjonar sitt ansvar. Tankegangen er like lettvint som den er egoistisk.