10. april: Kong Haakon og Paul McCartney sa nei - og verda fekk farger

10.04.2021

Denne dagen kan ein dvele ved nokre hendingar som på kvar på sitt vis - ja, heilt utan samanlikning - kom til å påverke ettertida.

På Elverum 10. april 1940 møtte kong Haakon og utanriksminister Halvdan Koht den tyske ministeren Bräuer. Bräuer kravde at Norge skulle overgje seg, og at kongen utnemnde ei tyskvennleg regjering leia av Vidkun Quisling. Verken kongen eller Koht ville ta stilling til kravet utan at regjeringa vart konsultert.

Same kveld vart det halde statsråd i Nybergsund. Her kom kong Haakon med sitt berømte nei, og skal ifølge referatet ha sagt: «Jeg kan ikke utnevne Quisling, som jeg vet ingen tillit har verken i vårt folk som helhet, eller i dets representasjon, Stortinget. Hvis regjeringen ville gå med på tyskernes krav - så er det ingen annen utvei for meg enn å abdisere.»

Kongen sitt nei skulle kome til å bety mykje for mobiliseringa og kampen mot dei tyske okkupantane.

Eit anna nei frå denne datoen, nærmare bestemt i 1970, påverka verken krig eller fred. Men det var altså 10. april 1970 at Paul McCartney kunngjorde at han forlet The Beatles, som dermed vart oppløyst. Hendinga kan trygt omtalast som musikkhistorisk. Beatles er den dag i dag rekna for å vere den mest populære popgruppa som nokon gong har eksistert. Salet av plater er estimert til 1 - 2,5 milliardar eksemplar.

I Southhampton la «Titanic» ut på jomfruturen sin 10. april 1912, og på dagen seksti år seinare starta NRK prøvesendingar i farger. «Tjuvstarten» fann stad nyttårskvelden 1971, da kong Olav sin tale vart sendt i farger.

Stortinget vedtok med 94 mot 34 stemmer å innføre fargefjernsyn 10. desember 1971. Senterpartiet, Venstre og enkeltrepresentantar frå KrF og Ap stemte imot. Motstanden vart begrunna med at fargefjernsyn var meir umoralsk enn TV i svart-kvitt fordi ein lettare kunne forveksle TV-bilda med verkelegheita når dei kom i farger.

I dag er det også rart å tenke på at Dagbladet faktisk gjekk imot fargefjernsyn på leiarplass.