Kongen av norske julehefte

12.12.2022

Anders Moe-Rognhaug (1906-1994) er kongen av norske julehefte. Ingen har bidratt meir enn han opp gjennom åra. Han fortener ein liten hyllest.

Som illustratør og forfattar var han usedvanleg produktiv. I julehefta finn vi over 500 dikt og forteljingar etter han. I tillegg kjem illustrasjonar til artiklar og framsider. I Jul på Nordmøre sin oversikt over skribentar og bidrag, står Moe-Rognhaug oppført meir enn 70 gonger. Her er illustrasjonar ikkje medrekna.

Moe-Rognhaug bidrog også flittig med artiklar i avisene, og hadde ein stor produksjon som målar. Han skreiv åtte bøker. Desse er: Skipshelleren - forteljing (1943), Snorre Snøgg og Svegutane (1952), Sommardagar i Sandvika (1976), I lag med «Lettvinten» (1977), Gullkorn i sanden (1978), Nye dagar kjem austanfrå (1979), Kvennanatt (1980) og I fjellmannens fotefar (1980).

Anders Moe-Rognhaug var født i Polmak i Finnmark. Frå 1922 budde han i Beitstad i Trøndelag, der han også vart gravlagt.

(Kjelder: Wikipedia, Steinkjerleksikonet).