Kongen og eg

23.01.2022

Det var krigstilstandar i Surnadal hausten 1980, da den store NATO-øvinga Teamwork 1980 gjekk av stabelen. Sjølvaste kong Olav kom på besøk, og sanneleg klarte ikkje ein ung redaktørspire å snike seg med på eit bilde saman med monarken. Ein journalist frå Tidens Krav, eller kanskje var det kollega Jostein Dønnem. Det har nok større verdi for meg enn for dei kongelege arkiva.

Eg meiner dette skjedde i Røtet. Kanonfotografen er i ferd med å skreve over eit gjerde, for å kome så nær kongen som mogleg. Det demrar noko i bakhovudet om at manøveren resulterte i tilsnakk frå ein uniformert herremann. Men det kan også vere at eg hugsar feil.

For ein liten redaksjon i ei lita lokalavis var NATO-øvinga ei stor utfordring. Vi måtte sette oss inn i dei mange reglane for korleis pressa kunne operere, og det var kolossalt mykje som skulle dekkast. Jostein Dønnem hadde hovudansvaret for dekninga i Indre Nordmør. Sidan han var den einaste i den nokså pasifistisk orienterte redaksjonen som hadde avtent verneplikt, og dermed hadde peiling på krigføring, var han sjølvskriven til oppgåva.

Jostein vart sendt ut på oppdrag som låg milevidt unna den vanlege journalistkvardagen, og gjorde ein framifrå innsats. Han var høgt, lågt og eigentleg overalt i den perioden som øvinga pågjekk.

NRK laga eit innslag frå Teamwork til Norge Rundt. Det kan du sjå her.