Kontinuitet gir suksess

21.11.2022

Når sportsleg suksess skal forklarast, er kontinuitet eit ord som ofte går igjen. Handballkvinnene til Norge har gjennom snart førti år vist kva dette betyr i praksis.

Eventyret starta med tilsettinga av Sven Tore Jacobsen som landslagstrenar i 1984. Allereie to år seinare tok Norge bronsemedalje i VM. Det var ein sensasjon, og eit tidsskilje for norsk kvinnehandball. Vi hadde fått eit nytt bronselag ved sida av fotballheltane frå Berlin-OL i 1936.

Det skulle gå tolv år frå EM-bronsen i 1986 til Norge vann eit meisterskap. Men vi var med i toppen. Både i 1988 og 1992 vart det OL-sølv til Norge. I 1993 tok vi ein ny VM-bronse. Sidan 1986 har Norge tatt 31 medaljar i internasjonale meisterskap. Blant desse er ni EM-gull, fire VM-gull og to OL-gull.

Jacobsen ga seg som landslagstrenar i 1993, og Marit Breivik tok over. Ho hadde jobben fram til 2009, da stafettpinnen gjekk vidare til dagens trenar, Thorir Hergeirsson. Hergeirsson hadde da vore assistent under Breivik heilt sidan 2001. Til saman blir dette altså nærare førti år med kontinuitet og dundrande suksess.

Eit viktig poeng i denne samanheng er at kontinuiteten ikkje berre handlar om at trenarane sit lenge i jobben. Like viktige element er teambygging på og utanfor banen, kompetanse, struktur og metodikk. Folk som forstår seg på handball, vil lett sjå at det går ein raud tråd frå Sven Tore Jacobsen til Thorir Hergeirsson. Norge er i dag eit foregangsland i internasjonal handball.

Den filosofien som har gjort Norge til ei handballstormakt, står i sterk kontrast til det vi ser innafor fotballen. Her skal det i verste fall ikkje meir enn ein mislykka kamp til før trenaren blir sendt på dør.

Under Nils Arne Eggen sitt regime var kontiunitet ein bærebjelke i Rosenborg-kulturen. I perioden 1988-2002 skapte Eggen resultat som få andre klubbtrenarar i Europa kan vise maken til. Men i det store bildet er Rosenborg likevel eit eksempel på mangel på kontinuitet. Trass i Eggen sin lange suksessperiode, har klubben sidan 1984 hatt godt over 20 trenarskifte. Vålerenga ligg på same nivå, medan Brann i løpet av perioden kan skilte med 16.

Det høyrer med i bildet, at blant alle desse klubbane er sparking av same trenar fleire gongar ikkje heilt uvanleg. I Rosenborg mista Ola By Rise trenarjobben etter å ha leia klubben til seriegull i 2004.

Landslagshandballen i Norge representerer ein heilt annan tradisjon. For oss som betraktar det heile frå sidelina, er det fascinerande å sjå korleis dette velsmurte apparatet i tiår etter tiår greier å gjenskape suksess. Kampane viser spelarar som presterer på eit ubegripeleg høgt nivå. I tillegg får vi innblikk i ein leiarkultur, som vel må vere noko av det mest imponerande som nokon gong er skapt i norsk idrett.

I Norge treng ein ikkje vere handballekspert for å like handball.