Kortreist kvardagsglede

23.08.2022

Jammen vart det ikkje 11 kilometer på sykkelen for meg og Mette i dag. Godt gjort, vil eg seie, i alle fall av den eine. Forma er ikkje verken som ho var, eller som eg planlegg at ho etter kvart skal bli.

Det byr på så mange fordelar å bu i Bud. Ein av dei er at vi er omgitt av slik eineståande vakker natur. Den kan nytast på fleire måtar. Kyststien ligg der for den som vil gå. Tek du sykkelen fatt, er det mange vegar å velje mellom.

I dag pakka vi sekken med kaffe og lunsjmat, og sette kursen mot Harøysundet. På eit berg like ved Seterneset fann vi ein rasteplass med vakker utsikt til alle kantar. Som kjent er det slik at ein helst skal yte før ein nyte. Med nesten seks kilometer i beina, sette vi oss ned med godt samvit.

På ein holme rett utanfor låg ein flokk sauer og kosa seg i augustsola. Truleg ventar ein heller tvilsam skjebne for dei fleste av dei. Men det ein ikkje veit, har ein som kjent ikkje vondt av. Kvar og ein av dei såg ut til ha fred både med seg sjølv og med sine artsfrender.

Det enkle er ofte det beste, har vi fått vite av Rema. Det er mykje sanning i desse orda. Som regel kjem det stor trivsel ut av små kvardagsgleder.

(Klikk på bilda under for å få dei format).