Krigen har mange ansikt: Den raude topplua vart forbudt

26.02.2022

Brukar du raud topplue? I det frie Norge er det sjølvsagt heilt lovleg. Men slik var det ikkje under krigen.

På same måte som det ukrainske folket no lir under brutaliteten til Vladimir Putin, var Norge for 70 år sidan under tysk jarnhæl. 26. februar 1942 gjorde den tyske okkupasjonsmakta det kjent at det var straffbart å bere raud topplue. Skulle barn finne på vise seg med raud topplue, vart straffansvaret lagt på foreldra.

Den raude topplua som symbol på fridom går heilt tilbake til den franske revolusjonen. Utover krigen brukte mange nordmenn dette hovudplagget som nasjonalt symbol, og som ein stille protest mot dei tyske okkupantane.

Dette fall ikkje i god jord. Ein annonse i Adresseavisen 23. februar 1942 hadde denne ordlyden: Advarsel. Røde toppluer. Bruken av røde toppluer har tiltatt så sterkt i den senere tid at det fra nu av betraktes som demonstrasjon. Bruken av disse luer forbys derfor fra og med torsdag 26. februar 1942. Fra denne dag vil toppluer bli fratatt enhver som opptrer med sådanne og straffansvar gjort gjeldende mot vedkommende - for barn under 14 år - mot foreldre eller foresatte. Trondheim politikammer, 23. februar 1942.

Topplueforbodet gjorde også at det vart kontroll med julekorta. Julekort pryda av nissar med raud topplue vart etter dette konfiskerte. Fleire kjente kunstnarar, mellom desse Kjell Aukrust og Torbjørn Egner, valde å tross forbodet. Egner teikna tolv nissekort, som vart gitt ut i 1942. Storparten vart utselde, før tyskarane rakk å gripe inn.

Krigen har mange ansikt. Tyskland førte militær krig på mange frontar. Samtidig var dei redde for alt som kunne stimulere den folkelege motstanden. Etter kvart som krigen skreid fram, framstod dei tyske leiarane i aukande grad som psykopatiske og paranoide.

Ikkje heilt ulikt den vesle russaren, som i desse dagar blottlegg hatet sitt mot Ukraina og det ukrainske folket gjennom meiningslaus maktbruk.