Kulturvandring til nyrestaurert løe

11.08.2022

Steinløa i Steinslettet er målet for kulturvandringa som Stangvik historielag arrangerer laurdag 13. august 2022.

Steinslettet ligg på ei slå oppi øvste lia mot Svarrafjellet, ca. 200 meter aust for Almbekken og rundt 570 m.o.h.. Sett frå Østbødalen, blir dette om lag beint opp for Konntrøa.

Men ingen treng å kvie seg for bratte lier. Vandringa laurdag går frå Skeisnebba hyttefelt, i lettgått og fint turterreng. Oppmøte er klokka 10 ved vasshuset til Surnadal kommune. Herifrå blir det samordna køyring til hyttefeltet.

Intitiativtakar til restaureringsprosjektet var Bjarne Holten. Han har også vore den store pådrivaren i dugnadsarbeidet. Bjarne og hjelparane hans har lagt ned ein enorm innsats. No står løa ferdig. Eit røsnaverk må vel dette trygt kunne kallast.

Folket på Konntrøa dreiv slått i Steinslettet i eldre tid. Den siste slåttekaren her var mest truleg Ola Holten, drivar av Plassen under Holten. Det har neppe vore markaslått i Steinslettet etter 1900.

Vermeldingane for laurdag er gode. Dei som blir med på vandringa kan sjå fram til ein dag med påfyll av lokalhistorisk kunnskap i triveleg lag. I tillegg blir dei løna med ein storslått utsikt når dei kjem fram til Steinslettet.

Kvar enkelt deltakar sørger for mat og drikke til turen. Dei som tek med pølser, får grilla desse ved løa.