Eit eksotisk innslag på skøytebanen

19.11.2021

Tidleg på sekstitalet, da skøytesporten var dominert av Norge, Sverige, Finland, Russland og Nederland, opplevde vi det som eksotisk når løparar frå andre land klarte å hevde seg i det gode selskapet.

Ein av desse var dansken Kurt Stille, som fyller 87 år 19. november 2021. Kurt Stille var født i København. Han flytta til Norge i 1958, og har sidan budd her.

Dei beste plasseringane til dansken er 14. plass i EM i 1963 og 13. plass i VM i 1964. Han deltok i to OL, Squaw Valley i 1960 og Innsbruck 1964. I 1960, da han var dansk flaggberar, vart det 13. plass på 1.500 meter og 17. plass på 10.000 meter. I OL fire år seinare gjekk Kurt Stille inn til 12. plass på 5.000 meter og 9. plass på 10.000 meter.

Etter at han la opp på toppnivå fortsette Kurt Stille med idrett. Som 46-åring gjekk han 1.500 meter på 2.35,00. Han kan sjå tilbake på 19 startar i Birkebeinerrittet, og 30 startar i Birkebeinerrennet. Kurt Stille var den første dansken som gjekk 5-mila i Holmenkollen - for å ha nemnt noko.

Om lag samtidig med at Kurt Stille slo igjennom, dukka det også opp ei overrasking frå Frankrike, André Kouprianoff. Vi tykte det var rart at folk frå eit slikt land kunne gå fort på skøyter. At han til overmål bruka briller, gjorde ikkje saka betre. Ein får vel seie at fordommane florerte.

Seinare kom nordmannen Ingar Bollerud. Han gjekk også med briller. Det var ikkje det minste rart...

André Kouprianoff tok VM-bronse i 1960, EM-sølv i 1961 og EM-bronse i 1962. Han deltok i OL i 1960 og 1964, med 8. plass på 1.500 meter i 1964 som beste plassering.