Kvar vart det av terningen?

22.10.2021

I dette forferdelege haustveret kan det kanskje hjelpe med eit hyggeleg sommarminne frå Tæla.

Laurdag 9. juli 2005 hadde vi besøk av Gudrun og Gunnar. Det vart utandørs yatzy. På ein veranda med glipe mellom golvborda kan det vere risiksport.

Det gjekk ikkje betre til enn at ein terning hamna under golvet. Gunnar tok som vanleg ansvar, lokaliserte terningen og fekk lirka han fram. Spelet kunne gå vidare og kvelden var berga.