Laurdagstrim i ope landskap

06.11.2022

Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo
Några månader om året, så att själen kan få ro
Jag trivs bäst i öppna landskap, där vindarna får fart.

Ulf Lundell skreiv disse linene i songen Öppna landskap i 1982. Sjølv har eg budd store delar av livet under høge fjell. Men sidan 2018, som buaværing, har eg verkeleg fått smaken på det opne landskapet. Her har vi sol heile året, og ingen fjell stenger for utsikta. Så får det våge seg at det er dagar der «vindarna får fart». Det lever eg godt med. Ja, ruskeveret her ute ved havet er ikkje så reint lite fascinerande.

Som eit ledd i mi gjenoppbygging av kropp og sjel, gjekk eg sist laurdag turstien mellom Vikan og Sandstølen. Dette er ein tur i «lundellsk» natur. Stien ligg i eit ope, mektig og vakkert landskap. Her ser ein langt - til alle kantar. Eg har både gått og sykla denne turen før. Dette var første gongen i år.

Med Silje Opseths verdscupseier i Wisla som ekstra inspirasjonskjelde, gjekk turen lett. Eg trefte fleire hyggelege menneske, både kjente og ukjente, som alle slo av ein prat. Sola skein, og kroppen har verkeleg begynt å spele på lag med eigaren.

Det vart eit par aldeles prima timar ute i det fri. Vel heime benka eg meg fram for TV-apparatet for å sjå mennene sitt hopprenn i Wisla. Og jammen slo ikkje Halvor Egner Granerud til med andreplass!

(Klikk på bilda under for å sjå dei fullt format).