Legendekonsert i Ålesund - og eg er ikkje der!

03.06.2023

Laurdag 3. juni spelar John Fogerty i Ålesund. Når ei av tidenes største rockelegender held konsert to timar unna der du bor, er det sjølvsagt rein idioti å ikkje vere til stades. Men slik vart det. I staden får eg gripe til eit nostalgisk tilbakeblikk.

John Fogerty var den dominerande frontfiguren i Creedence Clearwater Revival. Han song, spela sologitar, komponerte og skreiv tekster. Dei andre medlemmane var Tom Fogerty, storebror til John, på rytmegitar, bassist Stu Cook og trommeslagar Doug Clifford.

I ein hektisk periode frå 1968 til 1972 ga gruppa ut ikkje mindre enn sju studioalbum: Creedence Clearwater Revival (juli 1968), Bayou Country (januar 1969), Green River (august 1969), Willy and the Poor Boys (november 1969), Cosmo's Factory (juli 1970), Pendulum (desember 1970) og Mardi Gras (april 1972). Med unntak av det siste, var albuma til CCR imponerande jamne. Dei er rett og slett ei fenomenal samling av tidlaus rockemusikk. Og i 1969 presterte gruppa altså å gi ut heile tre LP-plater!

Blant ein haug med kjente songar på albuma, kan vi trekke fram Proud Mary, Bad Moon Rising, Green River, Down On the Corner, Travellin' Band, Up Around The Bend, Lookin' Out My Back Door, Have You Ever Seen The Rain? og Sweet Hitch-Hiker. Lista kan gjerast mykje lengre.

Gruppa sin diskografi inneheld desse livealbuma: Live in Europe (1973), The Concert (1980), Recollection (1998), Live at Woodstock (2019), At the Royal Albert Hall (2022).

Den første Creedence-plata som kom i hus i Utigard Kvennbø var Cosmo's Factory. Eg og eldste bror min hadde felles platesamling på den tida. Det er neppe å ta for hardt i å seie at albumet sette varige spor hos oss begge. CCR opna mange dører.

Kjøpet gjer at Cosmo's Factory for meg står i eit spesielt lys. Den er verkeleg eit av ungdomstida sine soundtrack. Elles er eg svak for andreplata Bayou Country, som inneheld den utruleg flotte Born on the Bayou. Det er nesten slik at alt det gruppa stod for musikalsk kan summerast opp i denne songen, som var B-sida på singelsuksessen Proud Mary.

CCR hadde same besetning til og med albumet Pendulum. Etter denne utgjevinga rauk Tom Fogerty uklar med broren, og forlet gruppa. Albumet Mardi Gras spela CCR inn som trio. Plata, der John Fogerty let Stu Cook og Doug Clifford sleppe til med eigne songar, er gruppa si svakaste.

Som ein kuriositet kan vi nemne at det i 1980 oppstod ein nesten prikk lik konflikt i bandet Dire Straits. Gruppa var i starten ein kvartett, med Mark Knopfler på sologitar og vokal som eigenrådig leiar. Broren David spela rytmegitar. Under innspelinga av album nummer tre skar det seg mellom brørne, og David takka for seg. Det som visstnok fekk begeret til å renne over for David, var at han, etter at studioarbeidet med det andre albumet var ferdig, oppdaga at broren hadde gått inn på tapen og sletta rytmegitaren. Mark la så på ny rytmegitar, utan at dei andre visste det.

Tilbake til CCR. Etter at gruppa vart oppløyst, etablerte Fogerty-brørne eigne solokarrierar. John hadde klart størst suksess. I ein alder av 78 år held han altså framleis koken med turnear over heile verda. Stu Cook og Doug Clifford starta i 1995 gruppa Creedence Clearwater Revisited, for øvrig til John Fogerty sin store irritasjon. Tom Fogerty døydde av aids i 1990, etter å ha fått i seg hiv-smitta blod ved ei blodoverføring.

Eg har aldri hatt same forhold til John Fogerty som soloartist, som eg hadde til CCR. Skrivinga av denne epistelen, med Cosmo's Factory på spelaren, har likevel fått meg til å kjenne på kor stor ein bommert det var å droppe Ålesund-turen i dag. Idioti, skreiv eg innleiingsvis. Ja, det er nok det.