Luciamesse - og nesten regjeringskrise

13.12.2021

Luciamesse 13. desember var i eldre tider ein religiøs høgtidsdag til minne om Sankta Lucia. For 47 år sidan på denne dagen, 13. desember 1974, var Norge nær ved å hamne i regjeringskrise.

Det siste først:

Midt på 70-talet gjorde staten eit heimkjøp av Alcan sine aksjar i Årdal og Sunndal Verk. Da dette vart kjent, reagerte opposisjonen kraftig. Dei borgarlage partia og SV meinte at vilkåra som var oppnådd i handelen var altfor dårlege, og regjeringa og industriminister Ingvald Ulveseth kom under eld.

Saka utløyste nesten regjeringskrise. Men dramatikken enda til slutt med at fleirtalet i Stortinget, med 86 mot 69 stemmer, stilte seg bak regjeringa Bratteli.

Luciamesse:

Den heilage Lucia av Siracusa var fødd på 280-talet på Sicilia. Da kristendommen kom til Norge, vart Luciadagen ein merkedag på kalenderen. Feiringa slik vi kjenner den i dag, med lys og kvite kjortlar, skaut fart i Sverige på 1920-talet etter at ei avis i Stockholm utlyste ein konkurranse om kven som skulle verte Stockholm si Lucia. Denne vart krona etter eit luciatog gjennom byen. Etter kvart kom tradisjonen til Norge.

Lussinatta var i eldre tider rekna som den lengste i året, fram til Danmark-Norge gjekk over frå den julianske til den gregorianske kalenderen på 1700-talet. Det gjorde at datoen for vintersolkverv forflytta seg til 21. desember.