Maier-rekord kan bli ølmerke

10.02.2021

7.28.1. I 56 år har eg gått rundt med denne talkombinasjonen i hovudet. Kva tala betyr? Jau, dette er ein av Fred Anton Maier sine verdsrekordar på 5000-meter, sett i mars 1965 på Notodden. Løpet var den første 5000-meteren under 7.30.

No kan rekorden bli eit ølmerke. Lokalpatrioten Reidar Solberg på Notodden er mannen bak ideen. Til avisa Telen seier han:

- Fred Anton Maier hadde bestemt seg for å forsøke å ta verdensrekorden til Johnny Nilsson på 7.33.2 da han kom til Notodden. Og Fred Anton Maier knuste svenskens verdensrekord med hele fem (!) sekunder. 7.28.1 signert på Sport på Notodden ble skrevet inn i skøytehistorien denne marsdagen i 1965. Det må vi kunne bruke til noe morsomt. Vi har Eyde øl, kunne vi få en verdensrekord øl med påskriften: 7.28.1 som hovedtekst med Verdensrekord, Notodden med mindre bokstaver under på hovedetiketten, med verdensrekordhistorien i kortformat på en liten etikett med bilde av Fred Anton bakpå?

Ein artig ide, etter min smak. Fred Anton Maier var ein av mine store heltar, og eg tek gjerne ein slurk øl til minne om den legendariske stilløparen.

Det undrar meg eigentleg at eg hugsar rekorden. Men i motsetnad til mangt anna, sit altså mange gamle sportsresultat framleis som spikra i skolten. Interessa var sterk, og Per Jorsett har dessutan helt rett i ein ting: Det vart mykje verre å hugse skøyterekordar etter innføringa av hundredelar.