Majesteten som måtte abdisere

23.03.2021

Fjellet Skåla er eit karakteristisk og dominerande landemerke på sørsida av Fannefjorden. Kjører du E39/fv 62 gjennom Kleive og Hjelset, kan du ikkje unngå å sjå den flotte fjellformasjonen.

Heilt sidan Bolsøy og Molde kommunar vart slått saman i 1964, har Skåla med sine 1.128 meter over havet vore det høgste fjellet i Molde. Men kommunereforma, som gjorde Molde, Nesset og Midsund til ein kommune, tvinga majesteten til å abdisere.

Frå 1. januar 2020 var den høgste toppen i Molde Nesset-fjellet Kleneggen, som ragar heile 1.964 meter over havet. Og det er langt frå det einaste fjellet i gamle Nesset som er høgare enn 1.128 meter. Skåla vart skuva langt ned på lista.

I 14 år budde eg på Hjelset og hadde fri utsikt til Skåla. Som pendlar mellom Hustadvika og Sunndalsøra i åtte år helsa eg på fjellet noko slikt som 3.300 gongar. Eg kan ikkje skryte av å ha vore på Skåla. Men vi er likevel god kjente, eg og denne prektige toppen som tronar mellom Fannefjorden og Langfjorden.

Skåla er synleg frå eit vidt omland, Surnadal inkludert.