Ein dritviktig kamp for språket

20.11.2021

Nyleg var eg møteleiar for eit språkseminar i regi av fylkesmållaga på Sunndalsøra. Mållaget kjempar for nynorsken sin plass i samfunnet, og for at jamstillinga mellom dei norske skriftspråka skal bli meir reell.

Eg møtte rundt 30 deltakarar som brenn ikkje berre for nynorsken, men for språket som ein av berebjelkane i kulturarven vår. Alle som er opptekne av norsk språk og skriftkultur kunne gjerne ha vore medlemmar i Noregs Mållag, enten dei no skriv bokmål eller nynorsk. Ein av dei som har forstått dette er den bokmåltalande og -skrivande kunnskapsministeren i landet, Tonje Brenna. Ho er medlem.

Det norske språket har alltid vore i utvikling og endring. Ser vi på TV-program frå 60- og 70-talet, oppdagar vi fort at folk ordla seg annleis på den tida. Men fordi endringsprosessen har vore så saktegåande, har vi heller ikkje lagt særleg merke til den.

Men kva no? Går det framleis i sakte marsj? Nei, farten aukar. Spesielt dei unge lever eit heilt anna liv enn før. Dei blir ikkje lenger berre påverka av engelske songtekster og filmar. Gaming, internett og digital kommunikasjon, som ikkje kjenner landegrenser, set spor hos dei som skal føre det norske språket vidare.

Ein av mine «guilty pleasures», som det jo ikkje heiter på godt norsk, er at eg ser på Farmen. Eller for å være ærleg: Eg skjemmest ikkje over det. Ikkje alt her i livet treng å vere så seriøst.

Inne på garden er det mange unge menneske. Måten ein del av desse snakkar på er eit studium verdt, i alle fall for den som måtte vere interessert i å høyre korleis det norske språket forfell/utviklar (stryk det som ikkje passar) seg for tida. Ein kan faktisk bli både skremt og fascinert.

På Farmen finst det ikkje noko som er bra eller kjempebra. Det heiter «sjukt bra», «sinnssjukt bra», «dritbra» eller «dødsbra». Og maten, når dei ikkje et graut eller potet, er som oftast «dødsgod» eller «dritgod». Ja, til drit skal den jo bli. Men det gjeld også mat som smakar dårleg.

Fleire av Farmen-deltakarane, og da tenker eg ikkje på amerikanske Rob, blandar utruleg mykje engelsk inn i språket sitt. Ein ting er ordet «kult». Det held faktisk på gli inn i daglegtalen blant folk i alle aldrar. I språkuniverset på Farmen er ordet i seg sjølv ikkje godt nok. Det blir heile tida forsterka med ei forstaving som er knytta til død, avføring eller sjukdom.

Og skulle noko gå gale, har det oppstått ein «failure». Motsett heiter det å «naile, som betyr å meistre eller å lykkast. Ja, det er faktisk «heilt sjef» å «naile» ei oppgåve. I tilfelle nokon har gjort seg skuldig i eit eller anna gale, er vedkomande «guilty».

Slik kunne eg ha halde på - lenge. Så må det leggast til at eg ikkje er ute etter å henge ut nokon på Farmen. Eg forstår jo at dei er produkt av si tid, også når det gjeld språk. Men tydelege døme på korleis talemålet anno 2021 utviklar seg, eventuelt forfell, er denne gjengen. Det skal dei ha.

UNG2022-rapporten til Opinion slår ifølge VG fast at språket til dei yngste i Norge blir meir og meir internasjonalt. «De snakker norsk og engelsk om hverandre som om det skulle være ett og samme språk ... Dette er en trend vi har sett over flere år, men i 2021 har dette blitt enda større og tydeligere», heiter det.

Språkforskar og forfattar Helene Uri seier til VG at den auka bruken av engelsk handlar om mote og trendar. Samtidig åtvarar ho dei unge mot å tru at engelsk utan vidare er betre enn norsk.

- Det er ikke bra hvis vi går rundt og innbiller oss at engelsk er et bedre, rikere, mer uttrykksfullt språk. For det er faktisk unges holdninger til norsk som avgjør språkets skjebne i fremtiden, seier Uri.

Engelsk påverknad på språket vårt har aldri vore sterkare enn no. Det skal eit kraftig norsk språkvern til for å demme opp for dette. Spørsmålet er om vi vil. Eg meiner: Tenk kor sjukt kult det hadde vore om vi klarte det.

Eit viktig instrument i denne kampen er Noregs Mållag. Ein dritbra organisasjon.

(Denne ytringa har tidlegare vore publisert som ein kommentar i Aura Avis).