Mjølkekontrolløren - ein populær gjest

22.09.2021

Fjøskontrollløren eller mjølkekontrolløren, eg trur han vart kalla begge delar blant folk, høyrer historia til. Tidleg på 60-talet var derimot besøk av kontrolløren enno eit fast innslag i kvardagslivet.

I ei verd som ikkje var så veldig stor, var det stas når Jakob Melhus, kontrollør for Stangvik og Eidet, kom på besøk. Etter at han var ferdig ute i fjøset, sette han seg ned ved kjøkkenbordet og noterte ned måleresultatata. Det var spennande å sjå på.

Slik eg hugsar desse besøka, var det ingen stressa mann som kom til gards. Jakob hadde tid til å prate med oss smågutane, og servering var sjølvsagt obligatorisk. Vi likte han godt.

Tabellane over er henta frå Tidens Krav fredag 22. september 1961. Eg ser at Laila frå Utigard Kvennbø står på lista over dei høgstytande kyrne. Eg hugsar kua. Far min var fersk gardbrukar den gongen.

Eit nostalgisk innblikk i ei anna tid.