Mørelinjen med storinvestering

20.06.2022

I 1982 var rutebiltrafikken i landet framleis på lokale hender. Enno var det full aktivitet ved rutebilstasjonen på Vassenden i Surnadal.

19. juni 1982 kunne Tidens Krav melde at Mørelinjen hadde kjøpt inn to nye bussar. Det dreide seg om ei investering på totalt 1,8 millionar kroner.

Bussane var i første omgang tenkt til turkøyring, den eine også til utanlandske mål. Frå hausten 1982 skulle nybussane så settast inn i det ordinære rutenettet.

Med dei to nyinvesteringane rådde Mørelinjen sommaren 1982 over om lag 45 bussar, og ein samla park på 80 vogner.

«Hver av de to bussene tar 45 passasjerer og det er ingen grunn til å klage på komforten», skriv Tidens Krav.