Musikken vil leve til evig tid

24.02.2022

Den mektige og sjelfulle stemma har stilna. Aldri meir skal flygande fingrar over flagrande tangentar trylle fram dei dirrande opningsakkordane på «A Salty Dog».

19. februar 2022 døydde Gary Brooker, 76 år gammal. Vokalisten, pianisten, komponisten og frontmannen i Procol Harum gjennom 55 år, etterlet seg eit livsverk og eit musikalsk univers som vil stå til evig tid.

Etter å ha høyrt «A Whiter Shade of Pale» mange gonger på radio, begynte eg tidleg på 70-talet for alvor å utforske Procol Harum. Gruppa er jo så uendeleg mykje meir enn den berømte debutsingelen. Frå den tid og fram til i dag har banda berre vorte sterkare og sterkare. Da nyheitsvarselet frå nettsida «Beyond the Pale» spratt opp i displayet på telefonen min med den triste beskjeden tysdag denne veka, måtte eg ta ein liten timeout for meg sjølv.

Mange vil kanskje meine at det høyrest rart ut. Men mi interesse for musikk har alltid vore ein gjennomgripande livsstil, som har vore definerande for mykje av det eg har gjort opp gjennom åra. Nokre band, artistar og plater treffer deg ekstra sterkt og blir til navigasjonspunkt i livet. For meg har Gary Brooker og Procol Harum, ved sida av nokre få andre, vore eit slikt punkt. Derfor vart denne februartysdagen ein rar dag, fylt av ettertanke. Eg kjente at relasjonen min til Procol Harum ikkje berre var ei interesse, men ein emosjonell lidenskap.

Det starta med «The Best of Procol Harum», ein LP i Karusell-serien. Første kutt på side ein, Homburg, tona ut i stua på Kvennbø. Ei ny verd opna seg. Ikkje lenge etterpå kom «Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra» i hus. Eg meiner den dag i dag at det er eit av dei beste live-albuma som nokon gong er laga. Sommaren 1975 fekk eg mitt første konsertmøte med Procol Harum i Studentersamfundet i Trondheim. Ole Magne og Bjarne var også med. Ingen av oss kom umerka frå den opplevinga.

Eg har fått med meg i alt fire Procol Harum-konsertar. Billettar til ein femte i Trondheim i våren 2020 var innkjøpt. Men den gleda tok koronaen frå oss. Eit storarta punktum på konsertrekka fekk eg likevel sett saman med Ole Magne i Drammen i 2018. Etter konserten, der 73 år gamle Gary Brooker og resten av gruppa briljerte på nesten sjokkerande vis, fekk vi møte musikarane. To enkle kvennbøgardingar drista seg til å helse på Gary Brooker og slå av ein liten prat. Eg kunne takke for all den flotte musikken han hadde fylt livet mitt med.

Det var stort, der og da. For alltid vil dette møtet vere eit lysande minne.

Reisa til Gary Brooker er slutt. For oss som var så heldige at vi tok dette musikkgeniet inn i liva våre, er det berre å seie - om det er aldri så trist: Takk for følget. Kvil i fred.

Still there'll be more.