No kan ho gjere som ho vil

09.06.2022

Medan vi ventar på at sola skal snu, passar det kanskje med litt langrennsmimring. Frå og med 9. juni 2022 kan Berit Aunli gjere som ho vil. Den tidlegare langrennsstjerna fyller 66 år.

Berit Aunli hadde sin store periode på første halvdel av 80-talet. Under VM i Oslo i 1982 tok ho tre gull og eitt sølv. To år tidlegare var ho med på det norske stafettlaget som tok OL-bronse i Lake Placid, og under OL i Sarajevo i 1984 vann ho gull på stafetten og sikra ei sølvmedalje på 5 km. I 1985 var ho med på det norske laget som gjekk inn til stafettsølv under VM i Seefeld.

I tillegg til dette vann Berit Aunli verdscupen i 1981/82. I åra 1982-84 gjekk ho til topps i fire verdscuprenn. To av desse var dei individuelle VM-gulla frå VM i 1982. I NM gjekk Berit Aunli til topps 15 gonger.

Statistikken talar for seg. For fire tiår sidan var Berit Aunli vår fremste langrennsdronning. Ho slo igjennom etter ein laber periode for norsk damelangrenn. Bortsett frå stafettbronsen, var OL i 1980 nær ei sportsleg katastrofe for Norge. Ein 13. og 14. plass til Berit Aunli var dei beste individuelle plasseringane. Under VM i Lahti i 1978 og OL i Innsbruck i 1976 vart det ingen medaljar til Norge i damelangrenn.

Far til Berit Aunli var Kristen Kvello (1931-98). Han var tidlegare langrennsløpar, men avbraut karrieren allereie i 1958 for å bli rikstrenar for Norge. Seinare vart han kjent både som TV-kommentator og speaker på store renn.

Det berømte klippet frå VM i 1966, der ein heil nasjon ser på ein furulegg medan dei ventar på Gjermund Eggen, er kommentert av Kristen Kvello og Jarle Høysæter. Kvello var speaker i Holmenkollen i 1982, da dottera Berit feira sine store triumfar.

Berit Kvello tok etternamnet Aunli i 1979, da ho gifta seg med den etter kvart svært meritterte langrennsløparen Ove Aunli.