No må vi sette vår lit til august

01.08.2022

Juli 2022 er historie. Heilt i orden, spør du meg. Det har vore ein forferdeleg vermånad. No får vi sette vår lit til august.

Eg blar i gamle mapper, og finn nokre kveldsbilde frå ein biltur 14. august 2012. Det vart m.a. ein vending inn i Kvenndalen, der sola kasta eit nesten trolsk lys over seinsommarkvelden. Vi får ikkje så mange slike kveldar i løpet av året. Eg var heldig, som var ute med kameraet på rette tidspunkt.

På mange måtar er august den finaste sommarmånaden. Men samtidig er hausten like om hjørnet. Dårleg ver i andre halvdelen av august gir fort ei kjensle av haust.

Vi treng nokre slike kveldar no. Vergudane kan vel ikkje halde det gåande heilt i ulage i nok ein sommarmånad?

For å sette den rette auguststemninga, skal eg avslutte denne vesle epistelen med eit par strofer frå Einar Skjæraasen sitt vakre dikt «August». Ein skulle nesten tru at han var inspirert av Kvenndalen...

August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Dette hemmelige milde innover jorden,
denne lyende stillhet: Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler på modningens høyde,
dveler og synker mot visningens dal. 

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).