Norge anno 2022: Blir hetsa fordi ho er kvinne

18.02.2022

Over førti år etter at Karen Marie Ellefsen vart første kvinne i NRK-sporten - til akkompagnement av ein straum av hets og usakleg kritikk - må vi konstatere at verda på nokre område har problem med å gå framover. I 2022 er det skiskyttarkommentator Ingrid Sørli Glomnes sin tur til å oppleve den same stormen som Ellefsen vart utsett for.

Sportskommentator Leif Welhaven i VG har dukka ned i grumset. Han konkluderer med at påfallande mange går laus på Sørli Glomnes fordi ho er kvinne. Ja, tenk det - i 2022. Elles haglar det med ufine karakteristikkar på nettsider og i kommentarfelt. Karakteristikkar som ein mannleg kommentator aldri ville ha vorte utsett for. Verdt å merke seg er også at ein del av det svineriet som blir spreidd, faktisk er å finne på nettsider som i utgangspunktet er tenkt som seriøse forum for diskusjon om skisport. Når det kjem til omtale av kvinnelege sportskommentatorar, er det sjokkerande mange som mistar både hemningar og folkeskikk.

Som Welhaven skriv: «Det er et tiltagende samfunnsproblem at tonen og folkeskikken i sosiale medier forsøpler et ordskifte. Dessverre kommer slikt ekstra tydelig frem under et følelsesladet arrangement som det OL er».

«Når det kjem til omtale av kvinnelege sportskommentatorar, er det sjokkerande mange som mistar både hemningar og folkeskikk»

Haldningane Karen Marie Ellefsen vart møtt med må lesast ut frå samtida, utan at dei på nokon måte kan forsvarast. På 70-talet var det framleis langt igjen til full likestilling i Norge. I 1977 var enno berre ein firedel av dei 155 stortingsrepresentantane kvinner. Mykje som vi i dag vil stemple som diskriminering og fordommar, var på denne tida sett på som aksepterte og vedtatte sanningar.

Ingrid Sørli Glomnes kommenterer skiskyting i 2022, i det som er eit av verdas mest likestilte land. Med dette som bakteppe, er flaumen av hatefulle ytringar som ho blir møtt med faktisk enda meir skremmande enn det som skjedde rundt Karen Marie Ellefsen.

Når det gjeld Ingrid Sørli Glomnes sin innsats som kommentator, fortener den berre ein karakteristikk: Svært bra. Ho er engasjert, og har den kunnskapen som skal til. Saman med den utruleg dyktige Roger Grubben, av Ole Einar Bjørndalen omtala som verdas beste skiskyttartrenar, utgjer Glomnes Sørli ein duo som gjer fråveret av radarparet Stabrun Smith/Lunde lett å bere. Hugs at kommentatorane under desse olympiske leikane sit i Oslo, og er heilt avhengige av dei same TV-bilda som vi ser. Det er krevjande. Dei gjer ein imponerande jobb.

Det gjeld heller ikkje berre i skiskyting. Kommenteringa frå OL held etter mi meining høgt nivå i dei fleste greiner. Eg har sett mest på hopp, langrenn, kombinert, skiskyting, skøyter og curling. Til mi overrasking, eg må vel innrømme det, opplever eg at OL har gitt meg fleire nye kommentatorfavorittar. Her vrimlar det av flinke folk, både i kommentatorboksane og i studio.

Mange meiner tydelegvis at alt som kjem frå andre kanalar enn NRK er ubrukbart. Det får bli deira problem. Dei står i alle fall i fare for å gå ei traumatisk TV-framtid i møte. Ingenting vil bli som før. Ikkje eingong som i 2022. Allereie i 2019 såg mindre enn halvparten av befolkninga på lineær TV, nett-TV inkludert. Endra sjåarvanar kjem til å utløyse endringar i formidlinga av innhald i åra framover. Det kan vi like. Eller vi kan mislike det. Strengt tatt kjem det på eitt ut. Uviklinga er uansett ikkje til å stoppe.

Men tilbake til utgangspunktet, som var den uverdige hetsen mot Ingrid Sørli Glomnes. Lat oss håpe at ho ikkje gir opp, men heller står på vidare og inspirerer fleire kvinner til å prøve seg i sportsjournalistikken. Idiotane som breier seg i kommentarfelt og sosiale media må ikkje få vinne.