Nyttårskvelden skal kongen tale: Monarkiet står seg godt

29.12.2022

Atter ein gong skal kong Harald halde sin årlege nyttårstale til oss. Eg ser fram til talen. Den er ei fin og verdig avslutning på året, framført av ein monark som alltid har noko viktig å fortelje oss. For eigen del er eg like lite republikanar ved utgangen av 2022, som eg var for eitt år sidan.

Som alltid stemte Stortinget også i år over eit forslag om å endre Grunnlova for å gjere Norge til republikk. Som vanleg var forslagsstillarane milevidt unna å få fleirtal. Stemmetala vart 131-35 til fordel for monarkiet.

Det prinsipielle argumentet mot monarkiet er at makt ikkje skal gå i arv. Men betyr det at vi som framleis meiner at monarkiet er ei tenleg styreform for Norge ikkje eig prinsipp? Sjølvsagt ikkje.

På nettet fann eg ein ni år gammel artikkel frå Aftenposten, forfatta av teolog og filosof Espen Ottosen. Han skriv: «Nylig møtte jeg følgende spørsmål i en avis: Hvorfor er det mer forkastelig at en person kan arve et land enn at en multinasjonal bedrift gis videre til neste generasjon? Jeg har fortsatt ikke funnet et godt svar. Derfor er jeg blitt tilhenger av monarkiet. Jeg kan ikke lenger se noen grunnleggende prinsipielle innvendinger mot ordningen.»

Og han held fram: «Dette handler om vår grunnleggende samfunnsforståelse. Jeg blir bare mer og mer skeptisk til en individualisme der vårt eneste utgangspunkt er situasjonen for enkeltmennesket. Tvert imot tror jeg at det er positivt og nødvendig å tilhøre fellesskap - en familie, et lokalsamfunn, et nasjonalt fellesskap. Og da kommer vi neppe unna at både tradisjoner og posisjoner, idealer og eiendom, vil kunne gå i arv.»

Dette er eit tankelandskap eg kan kjenne meg att i. Kongefamilien er berarar av identitet og tradisjon. Av felles verdiar og forankring. Dei er heva over den trivielle partipolitiske krangelen som pregar hverdagen. Det er verdifullt. USA er eit ferskt døme på kor galt det kan gå, når den folkevalde presidenten ikkje samlar, men splittar nasjonen. Kanskje vil såra etter fire år med Donald Trump aldri gro. Så får tida vise om denne inkompetente narsissisten greier å kome tilbake ved neste val. Ein kan bli vettskremt berre ved tanken.

Kongehuset har ingen annen agenda enn ønsket om å vere samlande. Vi har så mange gonger sett kor godt dette har verka for landet vårt. Frå dramatiske krigsår, til naturkatastrofer og 22. juli 2011. For å nemne nokre få eksempel frå den mørke delen av skalaen.

Vi kunne sikkert ha levd greit som republikk her oppe i steinrøysa. Men når eg ser kva kongefamilien vår faktisk utrettar i løpet av eit år, kor mange arenaer dei deltar på, kor myke tryggleik og fellesskapskjensle dei spreier, så vel eg å konkludere med at dette er ei god ordning for nasjonen.

Dagen etter at kongen har sagt sitt, kjem statsministeren med sin nyttårstale. Dei to talane utfyller kvarandre. Som innbyggarar får vi med oss ein bagasje inn i det nye året. Kongen bidrar frå sin ståstad, statsministeren frå sin posisjon. Eg meiner at dette viser vår styreform på sitt beste.

Det er ikkje uprinsipielt å støtte dei verdiane som monarkiet står for. Tvert om.