«O salige stund utan like»: Ein uforgløymeleg konsert

10.06.2021

Nokre minner varer lenger og sit sterkare i enn andre. Eg plukkar fram eit par bilde frå konserten med Roger Waters, legendarisk bassist og frontmann i Pink Floyd, på det som i dag heiter SR-Bank Arena i Stavanger. Det skjedde i 2006, så det er faktisk 15 år sidan. Tida går fort.

Eg har opplevd nokre konsertar opp gjennom åra. Dette vart ein av dei største. Roger Waters er etter mi meining eit musikalsk geni. Det han trylla fram saman med bandet sitt, stod ikkje noko tilbake frå det han har prestert saman med Pink Floyd.

Roger Waters var i storform. Og vi var ikkje åleine!

Ein er alltid litt usikker før møtet med store stjerner. Er dei i dårleg eller godt humør, blir konserten lang eller kort, spelar dei ugudeleg høgt - ja, spørsmåla kan vere mange. Det viste seg at Roger Waters var i perlehumør, og lydkvaliteten var fenomenal.

Da bandet gjorde teikn til å forlate scenen etter ein snau time, trudde eg det var slutt. Men så seier Waters: «We will be back in few minutes». Sikkert ekstranummer-greier, tenkte eg. Så kom dei tilbake - og dundra til med heile «Dark side of the moon». Tre kvarter! For ei oppleving! Eller som det står i påskesalmen: «O salige stund utan like».