Kor mykje veit du om vinter-OL?

04.02.2022

Er du interessert i vinter-OL? Her kan du ta ein liten kunnskapstest.

  1. I 1964 tok ein nordmann bronse i begge hopprenna. Kven?
  2. Av dei fem byane Sapporo, Innsbruck, Chamonix, Lake Placid og St. Moritz har tre arrangert vinter-OL to gonger. Kva byar er det?
  3. I Norge sitt hittil dårlegast vinter-OL, der Geir Karlstad fall på 10.000 meter, tok Norge kun tre sølv og to bronse. Kva het arrangørbyen dette året?
  4. Kor mange individuelle OL-medaljar tok Oddvar Brå?
  5. Kva år sørga Petter Hugstedt, Birger Ruud og Thorleif Schjelderup for tredobbelt norsk i hopp?
  6. Fellesstart i skøyter har vore praktisert i eitt vinter-OL. Kva het arrangørbyen dette året?
  7. Kva år deltok Sovjetunionen for første gong i vinter-OL?
  8. Ein einaste skøyteløpar har klart å ta fem gull i eitt og same OL. Kven?
  9. Ein nordmann kom med i OL-troppen i siste liten, etter at kong Olav skal ha blanda seg borti uttakinga. Denne utøvaren tok gull. Kven?
  10. Ein norsk politimann vann gull i skiskyting i to OL på rad. Kva er årstala?
  11. Norge tok tredobbelt på 5000 meter skøyter i 1964. Kva het løparane som stod for bragden?
  12. Ein fransk alpinist tok tre gull under OL i Grenoble i 1968. Kven var det?
  13. Ein polakk, som bar namnet sitt med rette, bles ned til gull i hopp stor bakke i Sapporo i 1972? Kven?
  14. Av dei fem landa Sverige, Canada, Polen, Finland og Russland har tre aldri arrangert vinter-OL. Kva land er det?
  15. I eit vinter-OL vart skøyteløpa arrangerte på Misurinasjøen. Kva het arrangørbyen?
Svara finn du under bildet nedanfor.

Svar:

1. Torgeir Brandtzæg.
2. Innsbruck, Lake Placid og St. Moritz.
3. Calgary.
4. Null.
5. 1948.
6. Lake Placid.
7. 1956.
8. Eric Heiden.
9. Håkon Brusveen.
10. 1968 og 1972.
11. Knut Johannesen, Per Ivar Moe og Fred Anton Maier.
12. Jean-Claude Killy.
13. Wojciech Fortuna.
14. Sverige, Polen og Finland.
15. Cortina d'Ampezzo.