Om ei øydelagt ski, forventningar og ei veke utan klokkeklang

30.03.2021

Vi er inne i den stille veka. Som gutunge og ungdom likte eg dagane før sjølve høgtida ekstra godt. Livet gjekk i sakte fart. Ja, det var nesten som om dei alltid trivelege Myra-karane hadde ekstra god tid når dei kom for å hente posten.

Det meste handla elles om å førebu helgedagane og, ikkje minst, sjå til at ski- og turutstyret var i orden. Ein skitur var obligatorisk kvar dag i påska, uansett ver. Om det var aldri så håplaust, vart det minimum ein tur til skihytta for å drikke eit glas appelsinsaft. Elles var Strengen, Tæla og Fossafjellet faste mål.

Apropos utstyr; eit år heldt eg på å hamne i alvorleg trøbbel. Ein av dagane før påske, måndag eller tysdag, datt eg skikkeleg etter eit til meg å vere uvanleg langt skihopp. Skia stod i vinkel, og i nokre fortvilte minutt såg eg for meg ei påske utan skiturar.

Heldigvis hadde far min gode kontaktar. Den brotne skia var sendt til Rindal. Der vart den reparert på rekordtid og påskehelga var berga. Eg meiner reparasjonen skjedde på Landsem skifabrikk.

Uttrykket «den stille veka» har for øvrig for ikkje noko med ferie og fritid å gjere. Forklaringa på uttrykket ligg i at kyrkjeklokkene tradisjonelt ikkje ringer denne veka. Ein kan eventuelt slå på klokkene med ein dymbill, ei treklubbe som gjev ringing med ein dempa klang, les eg på Wikipedia.

Den stille veka er tida mellom palmesøndag og påskedag. Ho vert òg kalla den heilage veka (latin Hebdomas sancta) eller Den store veka (Hebdomas maior). Når folk kallar desse dagane for påskeveka, er det eigentleg feil - påskeveka begynner 1. påskedag.

Medan eg skriv desse linene ausar regnet ned i Bud. Et ser på webkameraet på Nesøya at forholda i «mine fjell» heller ikkje er så mykje skryte av. Vermeldinga for påska finst det akkurat no inga trøyst i. Det skal bli vått og grått både ute mot storhavet og på Kvennbøtæøla, der eg har tenkt å opphalde meg frå fredag og ut påska.

Men veret får bli som det blir. Langfredag traskar eg opp liene om det så regnar oppover. Covid-19 sørga for hytteforbod i fjor. Vergudane skal ikkje få ta frå meg denne hyttepåska. Det finst da grenser.