Statsministermord mellom Hjelset og Kleive

28.02.2021

Om morgonen 1. mars 1986, som nybakt 30-åring, fekk eg vite at statsminister Olof Palme var myrda. Attentatet skjedde i Stockholm klokka 23.21 kvelden før.

Nokre hendingar gjennom livet brenn seg inn i minnet med så stor kraft at dei blir verande der for alltid. Eg veit at eg sat i bilen, og skrudde på radioen for å høyre Dagsnytt kl. 08.00. Det skjedde mellom Hjelset og Kleive, nokre hundre meter vest for Kleive sentrum. Sjokket var stort.

Resten er historie, som det heiter. Drapet på den svenske statsministeren er 35 år seinare framleis ikkje oppklart. Kanskje får vi aldri vite svaret.

Mediabildet var heilt annleis den gongen. Ingen hadde høyrd om internett. Kveldsnytt vart sendt klokka 22.40 den 28. februar 1986, og radioen hadde si siste Dagsnytt-sending på seks timar ved midnatt. Folk flest fekk difor ikkje vite om drapet før neste morgon.

Avisene, med unntak av dei få som kunne trykke eit nytt opplag av laurdagsavisa, kunne ikkje skrive om Palme-drapet før 3. mars. 28. februar var på ein fredag, og laurdagsavisene var på veg ut til abonnentane da meldingane frå Sverige begynte å tikke inn. Søndagsaviser var enno ei ukjent oppfinning.

I dag ville dei færraste nordmenn ha gått til sengs utvitande, dersom det hadde skjedd eit statsministermord i Sverige ein drøy halvtime før midnatt.