Papiravisa snart ved kanten av stupet?

06.10.2022

Papiravisa har vist seg som langt meir seigliva enn kva ekspertane ein gong spådde. Allereie for tjue år sidan fekk vi høyre at det kun var eit tidsspørsmål før papiret var borte. Desse profetia trudde eg aldri på. Avisene tente på det tidspunktet altfor mykje pengar på papirannonsar og papirabonnement til at undergangen kunne vere like om hjørnet.

Dei siste åra før eg slutta som redaktør hausten 2020, fekk eg vere med på ein kraftig digital vekst. Denne har berre forsterka seg etter mi tid. No er det fleire som les Aura Avis digitalt enn på papir. Trenden er den same for stort sett heile den norske avisfloraen.

Og no skjer det noko. Denne veka meldte Amedia sine dagsaviser i Innlandet, Glåmdalen på Kongsvinger, Østlendingen på Elverum og Oppland Arbeiderblad på Gjøvik, at dei går over frå seks til tre papirutgåver i veka.

Dei siste åra har mange mindre lokalaviser trappa ned frå tre til to papirutgåver i veka, eller frå to til ei. Med nokre unntak, har dei større avisene vore noko meir tilbakehaldne. Når dei nemnte avisene i Innlandet no trør til og bryt isen, trur eg det kan gi ein smitteeffekt over heile avis-Norge. Glåmdalen, Østlendingen og Oppland Arbeiderblad er store mediahus, eigd av landets største utgivar av redaktørstyrte medier. Samla hadde dei tre avisene ei omsetning på 287 millionar kroner og eit årsresultat på 39 millionar kroner i 2021.

Endringa i utgjevarfrekvens har med andre ord ingenting med økonomi å gjere. Alt handlar om strategi og ein lesarmasse i fri flyt over frå papir til digitale plattformar.

Avisbransjen, og ikkje minst lesarane, går spennande tider i møte. Vi skal ikkje sjå bort frå at den digitale veksten kan ha kome til eit tidsskilje, som vil utløyse papirkutt i eit heilt anna omfang enn kva vi har sett til no. Er det slik at papiravisa nærmar seg kanten av det lenge omtala stupet?

Romsdals Budstikke held framleis stand som seksdagarsavis. Eg trur ikkje det vil gå lang tid før det her kjem ei endring. Tidens Krav kutta for ei tid tilbake ut måndagsavisa. Fleire utgjevardagar står nok for fall. Aura Avis og Driva kjem ut to dager i veka. Eg tippar at dei, saman med majoriteten av avisene på denne størrelsen, innan overskueleg framtid er vekeaviser.

Mange vil nok sørge over tapet av papiravisa. I staden for å dvele ved det som har gått ut på dato, bør folk heller lære seg å bruke dei digitale verktøya. Til dei som vegrar seg, vil eg seie: Tenk på alt det nye og «skumle» du har klart å lære gjennom livet. Kvifor skal du ikkje kunne lære å lese ei nettavis? Data er ikkje farleg. Det er berre å legge godviljen til. Dessutan: Ein iPad ved frokostbordet tek da mykje mindre plass enn ei avis.

Alle aviser som kuttar i papiret lovar å bruke dei frigjorte ressursane til meir og betre journalistikk. Om det vi har sett til no, kan det vel seiast at resultatet er så ymse. Men uansett er den digitale nyheitsformidlinga, og alle forteljarteknikkane som den digitale teknologien byr på, papiravisa heilt overlegen. I dag er sjølv dei minste avisene like aktuelle med rykande ferske nyheiter som VG og dei andre store. Når noko skjer i lokalsamfunnet, kan aviser som Driva og Aura Avis informere sine lesarar i løpet av berre få minutt. Det er eit enormt framsteg.