Partileiardebattane: Halvparten av deltakarane står berre til pynt

09.09.2021

Har partileiardebattane utspela si rolle? Svaret kjem vel an på augene som ser. Etter å ha sett debatten på TV2 onsdag kveld, har eg for min del kome til at dette er ei debattform som har gått ut på dato - i alle fall så lenge talet på deltakarar er så høgt som no.

Debatten på TV2 varte i nitti minutt, minus reklame. I panelet stod ni politikarar, som matematisk sett skulle ha hatt rikeleg med tid til å målbere sine meniningar. Men i praksis vart det ikkje slik. Dei store partia fekk langt meir taletid enn dei små. Rein overkøyring. Det er noko som gjentek seg gong etter gong både på TV2 og NRK.

Eg trur det ligg i konseptet sin natur at det blir slik. Kjøtvekta verkar også her. Hamnar Erna Solberg og Jonas Gahr Støre i ei replikkveksling, er programleiaren sin terskel for å avbryte mykje høgare enn om det gjaldt t.d. Kjell Ingolf Ropstad og Une Bastholm. Ni debattantar er for mange.

Fleire av deltakarane torsdag kveld hadde ordet berre tre-fire gonger. Det er uhaldbart, og urettferdig overfor både politikarane og veljarane. 

I gamle dagar sine partileiardebattar på NRK vart det bruka stoppeklokke for å sikre at alle fekk lik taletid. Ingen vil vel dit igjen. Men vi er heller ikkje tente med at nesten halvparten av debattantene i panelet berre står der til pynt.

Det er tid for å tenke nytt.