Påskeminne på Bendiktsmesse

21.03.2021

«24. påske på rad i Tælastuå». Dette var teksten på eit minne som kom opp på Facebook-minne frå 21. mars 2016. Det var mandag før påske, og feiringa var allereie i gang på Tæla.

No går det mot påske igjen. Etter hytteforbodet i fjor, skal det bli fint å kome opp på Tæla. Litt amputert blir det rett nok også i år. Mette er i full opptrening og stor framgang etter kneoperasjonen, og må halde seg heime. Ho siktar seg inn mot første halvdel av juni. Sjølv reknar eg med å bli på hytta to - tre døgn i påska, alt etter veret.

For meg blir dette den trettiande sesongen på Tæla, og den tjueåttande påska i Tælastuå. Mette tek fatt på sin tiande hyttesesong. Det er utruleg kor fort tida går.

21. mars er det etter primstaven Bendiktsmesse eller Bendiksmesse, og er i den katolske kyrkja til minne om Benedikt fra Nursia, stiftaren av Benediktinerordenen. Dette var hans dødsdag.

I norsk folketradisjon blir Bendiktsmesse også kalla «Bendik prøvesvin» eller «Bent prøvesvin», fordi ein gris no burde tåle eit hardt stokkeslag utan å falle dersom vinterforinga hadde voregod nok, vårjamdøgn eller åt-tid. Frå Midt-Norge og nordover meinte ein at veret på St. Hanskvelden blir som det var denne dagen. (Kjelde: Wikipedia).

Fleire kjente personar har gebursdag på dennne datoen: Åge Aleksandersen (f. 1949), Ingrid Kristiansen (f. 1956), Ole Funnnar Fidjestøl (f. 1960) og Marit Bjørgen (f. 1980). 21. mars var også kong Olav sin bryllupsdag. Han gifta seg med sitt søskenbarn Märtha i 1929.