Pinseutflukt til øyparadiset Smøla

07.06.2022

Som pressemann i 43 år frå 1977, fekk eg høve til å følge mange av dei store samferdselsprosjekta i Møre og Romsdal på nært hald.

Det har skjedd ei enorm utvikling. Ikkje minst gjeld det på Nordmøre, der det no er berre fire ferjesamband att. I 1977 var det vel 12-13.

Eg og Mette bruka 2. pinsedag til ein tur til Smøla og Veiholmen. I dag er reisetida mellom Veiholmen og Kristiansund på under to timar, når ferjene korresponderer. Så må ein sjølvsagt legge til litt for venting.

Men det går to ferjer både på Seivika-Tømmervåg og Sandvika-Edøy. Kontrasten til 1977 er enorm. Da gjekk smølaferja mellom Kristiansund sentrum og Straumen. Turen ein veg tok om lag halvannan time, hugsar eg ikkje feil. Tustnaferja gjekk mellom Kristiansund sentrum og Tømmervåg, og brukte rundt tre kvarter på overfarten. I dag går ferjetrafikken til Tustna frå Seivika, og overfartstida er halvert.

På turen 2. pinsedag kom eg til å tenke på første gongen eg var på Smøla. Det var sommaren 1976, og eg var sjåfør for gruppa «Orpehus» frå Surnadal. Dei hadde fått spelejobb på Hopen. Det var litt av ein tur, med ein tungt lasta Taunus varebil årgang 1959. Turen frå Surnadal til Smøla tok ein halv dag.

Men opplevinga gjorde eit stort inntrykk. Ferjereisa frå Kristiansund til Straumen var lang, men baud samtidig på ei fantastisk naturoppleving. For ein som enno ikkje var så utreist i eige fylke, var det eit møte med eit landskap som var fascinerande og framandt.

Den nydelege augustkvelden på Hopen gløymer eg heller ikkje. Frå lyngrabbane rundt forsamlingshuset på Hopen kunne vi nyte solnedgangen.

Formannen i festkomiteen har muligens øresus enno. Han klaga titt og ofte på det høge lydnivået, og trua med null i betaling til gruppa. Fire ambisiøse rockarar frå Surnadal tok ikkje det så tungt. Og dei fekk pengane.

Ein tur ut til Smøla er verkeleg å anbefale. Samferdselsrevolusjonen på Nordmøre har knytta dette øyparadiset mykje tettare til fastlandet enn slik det var for nokre tiår sidan.