Privilegerte pensjonistar

08.03.2022

Rett etter at eg vart pensjonist for halvanna år sidan datt det ordet pensjonistprivilegium ned i hovudet mitt.

Det som for meg var eit såkalla nyord, kom over meg ein dag eg sat på bakeriet i Elnesvågen med kaffe og avis midt i økta. Det tok faktisk litt tid å venne seg til at noko slikt kunne gå an.

No har det nye livet gått seg til. Både eg og Mette nyt så mange pensjonistprivilegium som vi kan - så ofte det let seg gjere.

Slik som i dag. Da vi stod opp låg Buaværet bada i sol. Ut på formiddagen pakka vi sekken og la ut på ein runde med innlagt lunsj ute på moloen. Eller Moljå, som det heiter på dialekt. Moljå stod ferdig slik den er i dag i 1951, etter ein etappevis byggeperiode som faktisk strekte seg over meir enn hundre år.

Fint ver, fenomenale naturkulisser og godt selskap. Så mykje meir er det ikkje lov å forlange.