Prolog til 50-årsdagen åt Surnadal Billag 5. mai 1962
Hans Hyldbakk bidrog med ein prolog i i høve 50-årsfesten til Surnadal Billag i Trudvang 5. mai 1962. Hyldbakk las sjølv opp prologen, som går til tonen av Hellig Olav stod ved fjorden. Her kan du lese heile jubileumsprologen, slik den var trykt i Tidens Krav:
Før e tia rak på vegå ymse folk,
fjordakall og nater søring.
Fant og fusse strøydd dem oftast bort med svolk,
herremenn fekk finar føring.
Prest og klokkar for i eigen kariol,
fut og skrivar sat i fin-fin kjerrestol.
Skramla hopp i hopp
over stein og stopp.
Det var stort eit syn te kjøring.
Og når folk dem skull teby'n med smør og slakt,
Fosnaskrinet godt yart pakka.
Kallan sleit e kjæpå med stor dødsforakt,
såg seg bak med stive nakka.
Vart det alt for strete la dem inn te land
at nå Hallstein Båtvik der på Flessastrann,
fekk ein liten knert med sin snille vert
og ga skit i alt som sakka.
Men så veit du gamle «Mørejarlen» kom,
«Ganger-Rolf» og andre kara.
Og da vart no Fosnareisa riktig grom,
mykjy tid og kraft vart spara.
Triså kom og servert kaffe, brød og brus,
og på brua stod han store Musæus.
Verda snuddest brått,
alt vart fint og flott.
Omsalaust var slik å fara.
Men ein dag så kom den første «omnibus»
jaga folk og fe tå vegå.
Og det vart ein veldig folkeleg opstuss
da vi såg 'n oppå Tegå.
Heile bøgda var på fotå, vill og vak,
da det stygge huset kom med døra bak.
Trøste meg for ferd.
Den som steigpå der
han var sikkert «fødd e fægå.»
Men så rart det høyrest fanst det folk som trudd
at det gjekk å kjør med bila.
Dem fekk laget starta og til framgang snudd
det som tyktest reint fortvila.
Bilan kom i rute gjennom dal og grend,
kjerringar og kallar steig-på litt om senn,
spara tid og kropp,
hopp og hompelopp
alt for kroner to for mila
No har dampen slutta, kariolen står
skral og uttent ponni bura,
og vårt billag no har kjørt i femti år
og gjort mange tusen tura.
Mellom by og bygder, over sjø og land
knyter «Mørelinjen» dagleg broderband.
Grunnen som vart lagt
står i dag ved makt
og er traust og solid mura.
«Godt he det gått og godt ska det ga»
sa dei jamt ved gjestbøborda.
Og i dag skal billag-folket med seg ta
med på ferda same orda.
Takk for trufast arbeid gjennom femti år!
Lykke til på vegen imot framtids kår!
Alt skal gå deg bra, berre vi får ha
fred og fridom her på jorda.
Fakta om Surnadal Billag:
- Selskapet hadde i jubileumsåret 1962 passert 2 millionar kroner
i årsomsetning.
- I 1962 ga Surnadal Billag arbeid til femti tilsette og
hadde førti registrerte vogner.
- 238.000 passasjerar vart frakta med selskapet sine bussar i 1961.
Dette var 12.000 fleire enn året før.
- I 1961 transporterte Surnadal Billag 15.316 tonn gods, som
var 1.000 tonn meir enn i 1960.
Les også: P. E Gjerstad festa Surnadal Billag sine femti første år til lerretet
Les også: «Det var så få av oss, at en sjåfør ble betraktet som noe til kar!»