Radka Toneff: Ei stor stemme - og eit altfor kort liv

13.04.2021

Eg har aldri hatt noko sterkt forhold til jazzvokalistar, verken mannlege eller kvinnelege. Jazz er for meg først og fremst instrumentalmusikk. Men det finst unntak.

Radka Toneff (1952-1982) fekk eit altfor kort liv, som ho valde å avslutte for eiga hand. Men ho etterlet seg ein stor musikalsk skatt, sjølv om ho ikkje ga ut meir enn fire album. Seinare har det i tillegg kome fleire plater post mortem. Eg høyrer akkurat no på samleplata «A collection of her finest moments» frå 2003.

Radka Toneff fekk Spellemannprisen 1977 som beste vokalist for debutalbumet «Winter poem». Også albumet «Live in Hamburg» frå 1993 vann Spellemannprisen. Dette er eit konsertopptak frå 1981. Like etter at ho døydde, vart Radka Toneff heidra med Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking. I 2011 vart «Fairytales» (1982) kåra til beste norske plate gjennom alle tider av Morgenbladet. Radka Toneff sette varige spor.

Platene til Radka Toneff viser ikkje berre ein dyktig vokalist med ei stemme full av kjensler og formidling. Ho samarbeidde også med kremen av norske jazzmusikarar. Gitarist Jon Eberson og bassist Arild Andersen, som Toneff i ein del år hadde eit forhold til, er gjengangarar. Avdøde Jon Christensen er ofte å høyre på trommer. Dette er musikarar i verdsklasse.

Radka Toneff sin jazz utfordrar deg stort sett ikkje på nokon annan måte enn at det er svært vakkert å høyre på, og at du må ta deg tid til å lytte. Er du i utgangspunktet skeptisk til jazzmusikk, er Radka Toneff avgjort ein som kan hjelpe deg over kneika og inn i ei vakker verd.