Rekreasjon i flott kystnatur - og turgleda er tilbake

01.11.2022

Hustadvika kommune er velsigna med mange turstiar. Den finaste av dei er etter mi meining kyststien i Bud. Men fleire av dei andre ligg ikkje langt etter.

Favoritten min blant desse er turstien ut til Nordneset fyr på Farstad. Det er ein overkommeleg marsj, som byr på mykje flott natur. Vel framme ved fyret, er det nesten slik at nærkontakten med storhavet er til å ta og føle på.

Eg tok turen ut til Nordneset i dag. I same slengen stakk eg også ut til Atlanterhavsvegen, der eg gjekk Svevestien. Så veldig store fysiske utfordringar var ikkje dette. Men for meg er det viktigaste å få frisk luft, og å kjenne på at kroppen dag for dag gjer framskritt.

Toppformen er enno ikkje inne. Men den er på veg. Det er fantastisk å oppleve at turgleda er tilbake. Den stadige trongen til å kvile, er ein saga blott. Hjartekirurgane i Trondheim har utført det som for meg verkar som eit mirakel. Av og til blir kjensla av takknemlegheit nesten overveldande.

På turen i dag vart det, som vanleg, til at eg tok ein del bilde. Under denne epistelen finn du eit lite galleri. Du må klikke på kvart enkelt bilde for å sjå dei i fullt format.

Du kan lese meir om turstiane i Hustadvika kommune her.