Artige minne frå ei røykfylt tid
I dag er røyking på eit offentleg møte ulovleg. Slik har det ikkje alltid vore.
Da eg begynte som journalist i Romsdalsposten i 1977, dekte eg kommunane Surnadal, Halsa, Rindal og Aure. Eg lurer på om ikkje møta i Surnadal og Aure var røykfrie allereie da. Det var dei derimot ikkje i Rindal og Halsa! Meir om det litt lengre ned.
I Tidens Krav for 20. januar 1971 finn vi ein artikkel med tittelen «Nordmørsordførere om røkeforbud». Avisa spør om det kan bli aktuelt med røykeforbud i kommunestyremøta rundt om på Nordmøre, og har tatt ein ringerunde til nokre ordførarar for å lufte stemninga. Som ein ser av artikkelen, er meiningane litt delte. Men røykfrie kommunestyremøte er heller ikkje ein heilt framand tanke i 1972.
Tilbake til kommunestyremøta i Rindal og Halsa. Peder O. Heggem (Sp) var ordførar i Rindal på denne tida. I Halsa regjerte Einar Snekvik (Ap). Heggem røykte pipe, medan Snekvik heldt seg til rullingsen.
Dei var ikkje dei einaste som røykte under møta, for å seie det mildt. Aller verst var klimaet, i den grad det fanst luft, under møta i Halsa. Kommunestyret heldt til i kjellaren i det gamle kommunehuset på Enge. Det var eit møterom fritt for dei fasilitetar som vi i dag ser på som sjølvsagte. Det mest prekære var at det ikkje eksisterte ventilasjon. Etter kvart som nikotinforbruket til representantane tok seg opp og temperaturen steig, målt både i Celsius og iltert engasjement rundt bordet, vart det krevjande å opphalde seg i rommet. Av og til var det pause. Kva gjorde politikarane da? Røykte, naturlegvis.
Men trass i mykje passiv røyking for oss på pressebenken; kommunestyremøta i Halsa på slutten av 70-talet var artige - sjølv om dei til tider var endelaust lange. Møte i åtte timar, frå klokka ti på formiddagen til klokka seks om ettermiddagen, var ikkje uvanleg.
Einar Snekvik var ein lun og klok møteleiar, som var flink til å handtere dei stadige tilløpa til konflikt. I store delar av møta kjederøykte han. Ofte gløymte ordføraren å kakke oska av sigaretten, som i staden hamna på skjortebrystet. Fornøyelege minne!
I Rindal var møtelokalet av nyare dato. Eg hugsar stemninga rundt bordet som svært gemyttleg, med mykje humor og latter. Både hos ordføraren og formannskapsekretær Edvin Børset sat dei gode kommentarane laust. Det smitta over på resten av kommunestyret.
Men heller ikkje i dette møtelokalet greide det
som måtte finnast av ventilasjon å svelge unna dei enorme mengdene med tobakksrøyk
som dei folkevalde sendte ut i rommet. Så veldig helsebringande var det nok
ikkje å sitte på pressebenken der, heller. Men stor underhaldning var det ofte.