Ein slitar på skøytebanen jubilerer

22.02.2021

Mange vil nok hugse skøyteløparen Torstein Seiersten frå Brandbu. 22. februar fyller han 90 år.

Seiersten var i norgeseliten i mange år, og han hevda seg godt internasjonalt. Han var vel det ein kan kalle ein slitar. Seiersten vann verken OL eller andre titlar, men hadde ei rekke gode plasseringar både samanlagt og på enkeltdistansar. På 50-talet var han rekna som ein av dei beste langdistanseløparane i verda.

Meir om Torstein Seiersten kan du lese her.

Ein annan svært kjent skøyteløpar, Knut Johannesen, vart verdsmeister på denne dagen i 1964.