Skoften: Ingen andre fjell gir deg så mykje utsikt per høgdemeter

10.10.2021

Fjellet Skoften i Hustadvika har ikkje meir enn 368 høgdemeter å slå i bordet med. Likevel byr den vesle toppen, som ligg så ope til i landskapet, på ei utsikt som nesten tek pusten frå ein. Rundskuet på toppen er overveldande vakkert. Ifølge turboka for Fræna, er det Skoften det fjellet i området som gir mest utsikt for minst innsats.

Eg har vore der to gongar, sist i oktober 2016. Det var ein gnistrande blank søndag, som ga oss ei naturoppleving av dei sjeldne.

Det finst fleire ruter til toppen. Den mest vanlege er å gå opp frå Sylte skole i Malmefjorden, og så følge ryggen på Skoften mot søraust. Stien har eit kortare parti som er nokså bratt, men er fin å gå på. Dette er absolutt ein overkommeleg tur for alle.

Fjellet er med dette anbefalt. Eg skal i alle fall dit igjen.

(Klikk på bilda for å gjere dei større).