Som lærar ville eg ha gått på  veggen...

05.11.2021

Som gymnasiast vurderte eg alvorleg å bli lærar. I ettertid er eg glad for at det ikkje vart noko av. Ikkje fordi det er noko gale med læraryrket. Nei, tvert om. Når eg har kome til denne konklusjonen, er det fordi at eg som lærar mest sannsynleg ville ha gått på veggen i rein frustrasjon over vinglete politikarar, som aldri vart ferdige med å finne ut kva som var best for meg og mine elevar.

Eg har vore politisk interessert i heile mitt vaksne liv. Ja, faktisk enda lenger enn det. I alle desse åra har politikarane - og aldri så mykje som no - ført ein ørkeslaus debatt om kva som er den optimale skulen. Dei finn aldri svaret.

Eit av resultata av dette er en straum av reformar. Ingen kunnskapsminister med respekt for seg sjølv forlet sin post utan å ha gjennomført minst ei reform. Eg er full av beundring over at dei som jobbar i skulen held ut med dette.

No har vi fått ei ny regjering. I Politisk kvarter 5. november fekk vi høyre korleis kunnskapsminister Tonje Brenna har som mål å reversere og skrote fleire av dei tiltaka som dei borgarlege sette ut i livet. For åtte år sidan var Erna Solberg i gang med den same jobben. Ho måtte «rydde opp» etter den raudgrøne regjeringa. På eitt eller anna tidspunkt er Jonas Gahr Støre & co. ute av regjeringskontora. Da er det duka for ny regjering, ny opprydding og nye reformer i skulesektoren.Ja, slik går nu dagan på dette feltet. Ein evig runddans. Som sagt, eg er glad eg ikkje vart lærar.

Så må sjølvsagt også skulen vere underlagt folkevalt kontroll. Å gi det siste ordet til byråkratar og ekspertar er ikkje noko alternativ. Likevel må det være lov å tenke den tanken at det kanskje ville ha vore sunt om politikarane i større grad konsentrerte seg om rammevilkåra for skulen - økonomi og struktur - og noko mindre om fagdetaljane. For meg verkar det heilt meiningslaust at t.d. talet på gymtimar per veke skal gjerast til eit politisk spørsmål. Våre folkevalde burde bruke tida på andre ting. Andre veit meir om fysisk fostring.

Lærarane utfører ein av de viktigaste jobbane i samfunnet. Både dei og elevane fortener arbeidsro. Derfor burde den faglege ekspertisen ha fått større makt - på bekostning av politikarane.