Kast politikarane ut av skulepolitikken!

05.05.2021

Eg har tenkt å lansere ein formasteleg tanke, og gjer det her og no: Gje politikarane mindre makt, og fagfolket meir makt, i utforminga av skulen.

Da eg slo på TV-en for å oppdatere meg på nyheitsbildet i dag tidleg, dumpa eg borti spørjetimen i Stortinget. Erna og Jonas var midt inne i ein krangel om skulepolitikk. Eg skifta raskt kanal. Dette hadde eg høyrt før. Utruleg mange gongar, til og med.

Hakket i plata er djupt. Og det har det vore så lenge eg har følgt med i norsk politikk. Det går i ein evig sirkel. Den til ei kvar tid sittande regjering gjennomfører reformer for å rydde opp i dei påståtte misgjerningane til forgjengarane. No er Jonas på offensiven, og lovar å ordne opp etter Erna - som på si side hevdar at dei raudgrøne sin skulepolitikk fram til 2013 var eit fallittprosjekt.

Som så mykje anna i dette landet, er også skulen ein brikke i eit politisk spel. Politikarane tykkjer tydelegvis det er stortarta å halde på med dette. Men er det til gagn for skulen? Heilt sikkert ikkje. Elevane blir prøvekaninar. For lærarane må det vere ei tolmodsprøve å heile tida skulle halde seg til nye reformer og læreplanar. At dei held ut!

Så derfor: Lat politikarane legge strukturen og dei økonomiske rammene for skulen, og gje så fagfolket fred til sørge for innhaldet. Meir vinglete og dilettantisk enn det er no kan det uansett ikkje bli.