Snart pinse – og nokon brenner pinsebål
Det nærmar seg pinse og pinsekveld. Eg har ikkje tenkt å fyre opp noko pinsebål. Da vil eg vekke oppsikt her ute i Bud.
For ein kvennbøgarding er derimot pinsebål ikkje noko ukjent fenomen. I oppveksten hadde vi to eldbrennarkveldar, pinsekveld og jonsokkveld. Kom pinsa seint, var det berre få veker mellom dei to kveldane.
Bålbrenning har røter langt attover i historia. Ein gong i tida var bålet nytta til markering av både påske, pinse og jonsok. Eit godt bål i høgtidene kunne bringe med seg hell og lukke. Elles veit vi at bålet opp gjennom tidene har vore nytta både til å halde vonde krefter unna, og til å jage bort meir handgripelege farar som rovdyr.
Pinsebålet er rekna for å vere eit symbol på Den heilage ande. I forteljinga om det som skjedde pinsedagen i Jerusalem, høyrer vi at det sat små eldtunger over hovuda på disiplane, og hjarta deira vart i fyr og flamme. Flammen og elden som symbol på pinsehøgtida er dermed gammalt.
Påskebålet døydde ut for lenge sidan. Men jonsokfeiringa
held stand, og framleis er det pinsebål å sjå i bygder der dette har vore
tradisjon. I Surnadal har pinseelden vore ein vel så sterk skikk som
jonsokelden. Eit anna namn på pinseelden er kvessineld, som er avleidd av
kvessinn/kvitsunn (pinse). På Ålvundeidet brende dei før i tida kvessing - ein
pinselaurdagskveldsfest med bål, dans og meir til. I Trøndelag kunne pinseelden
heite pinstirøk (Selbu) og pinstibål (Orkdal).
Eldbrennarkveldene samla både unge og eldre. Dei vaksne
samla seg til sosialt samver rundt bålet over ein kopp kaffe med noko godt
attåt. For dei yngste var det gjevt med brus og kjeks, i ei tid der grillinga
ikkje var oppfunnen. Ikkje hadde vi høyrd om potetgull, heller.
Heime på Kvennbø skjedde bålbrenninga oppe på bakken sør for husa. Her var det enno ope landskap, og god plass til å tenne bål på trygt vis. Vi tykte det var stor stas å brenne eld på denne staden, som låg høgt og fritt til. Heile Eidet kunne sjå bålet vårt. Det var, som Ivar Aasen uttrykte det, «lystild som optændes på et høit Sted for at sees i Frastand.» Samstundes hadde vi full oversikt over alle andre som feira eldbrennarkveld.