Snøfritt og lettvint i år – kvitt i fjor

01.12.2022

Kalenderen viser 1. desember. Dermed er vi etter den romerske kalenderen inne i den tiande månaden. Desember kjem av det latinske ordet decem, som betyr ti.

I dag er den gregorianske kalenderen den mest bruka i verda. Hos oss er derfor desember den siste månaden i kalenderåret. Den gregorianske kalenderen vart innført i Roma av pave Gregor XIII i 1582. Denne er ei reform av den julianske kalenderen, som Julius Cæsar innførte i 46 f.Kr., les vi på Wikipedia.

Desember er julemånaden. Månaden for julestri presanghandel og forventning. Månaden for tid som ikkje strekk til, men som likevel er akkurat nok til at det blir jul. Rare greier.

Den første desemberdagen i 2022 opna med sol frå skyfri himmel her i ytre. Men dei få plussgradene i lufta har vore kalde. Eg køyrde meg ein tur til Elnesvågen i totida. Storparten av vegen innover var såpeglatt på grunn av underkjølt asfalt.

Vinteren er her, ingen tvil om det. Men snøen let vente på seg. Som kvennbøgarding har eg fortsatt i meg at når desember kjem, da skal også snøen vere på plass. Slik var det i barndommen. Men det er, når eg tenker meg om, lenge sidan. Veldig lenge.

Innfødte buaværingar er ikkje vande med kvit desember. Men vi skal ikkje meir enn eitt år tilbake, før Buaværet var dekt av puddersnø dei første dagane i desember. I bildearkivet mitt finn eg bilde frå den første veka i desember 2021. Eit lite knippe av dei akkompagnerer dette tankespinnet.

Det er lettvint med snøfrie vinterdagar. Men det er heller ikkje så verst når landskapet kler seg i kvitt.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).