«Sola e komma» — i skuggen av «Vårsøg»

02.01.2021

Allereie året etter at Vårsøg platedebuterte med albumet «Vårsøg» i 1977, var trioen ute med oppfølgaren «Sola e komma». Tittelmelodien på den første plata vart ein udødeleg klassikar. LP nummer to hadde ingen melodiar med slik gjennomslagskraft, og hamna litt meir i skuggen. Eg tenkte derfor å slå eit slag for «No e sola komma», som musikalsk sett er heilt på høgde med debutplata.

Om nivået er det same på «Sola e komma», er likevel ein del av musikken annleis enn på «Vårsøg». Melodiane er korte, noko som gjer at plata inneheld heile 18 spor. Den lengste er «E slåttatæja», som etter mi meining er ein minst like bra komposisjon som «Vårsøg». Men statusen har aldri vorte den same. Lat meg føye til: Det skal utruleg mykje til!

«Sola e komma» inneheld også kjente Sommerro/Hyldbakk-komposisjonar som «Famntak» og «Haust e Øyalin» - det siste eit av dei finaste dikta Hans Hyldbakk nokon gong skreiv. Nemnast må dessutan Henning Sommerro sitt mektige arrangement på tittelsporet «Sola e komma». Ein genistrek! I tillegg til Hyldbakk er Jørgen Gravvold, Leif Halse og Styrkår Brørs med som tekstforfattarar på denne plata.

Da eg ein gong rundt 1980 intervjua Henning Sommerro, snakka vi litt om platene til Vårsøg. Eg spurde kva som var tanken bak å samle så mykje som 18 melodiar på eitt enkelt album. Henning svara da at han ikkje likte songar som drog ut i det uendelege. Dei skulle vere korte, og ta slutt medan lyttaren enno var svolten på meir.

Mange er dei som kunne ha lagt seg slike kloke ord på minnet!

Mellom alt anna som Henning Sommerro styrte med, hadde han også tid til å spele til dans saman med Vårsøg. Det er rart å tenke på at melodiar som «Vårsøg», «Famntak» og «E slåttatæja» var fast inventar på gruppa sitt danserepertoar. Men slik var det den gongen. Dansefestane betydde mykje for ambisiøse orkester. Det var der dei fekk vise seg fram - ikkje minst til glede for den som først og fremst gjekk på fest for å høyre på musikken.

Vårsøg fekk Spellemannprisen for «Sola e komma» i 1979. For Henning Sommerro skulle det bli ein Spellemannpris til. I 1986 var han blant prisvinnarane med plata «Neonlys på Ivar Aasen».

I 2012 vart «Vårsøg» og «Sola e komma» nyutgjevne på CD av selskapet Øra Fonogram i Trondheim. Dei er framleis tilgjengelege, m.a. på Platekompaniet. Og for å gjere bildet komplett: I 1978 ga Vårsøg ut «Av moll er du komen - til dur skal du bli» saman med SKRUK. Singleplata «Kjærleikens ferjereiser/Bøverdalsrock» kom i 1979 og samleplata «Vårsøgs utvalgte» i 1980.

Ein liten kuriositet: Eg var ein av dei første, kanskje den aller første, i landet som kjøpte «Sola e komma». Det hadde seg slik Lars T. Hamnes hadde fått inn plata til musikkforretninga si i god tid før den offisielle lanseringa. Da eg tilfeldigvis var innom ein dag, nemnte Lars at han hadde plata inne på lageret, men at han ikkje kunne stille ho ut i butikken enno. Da eg spurde om det ikkje likevel gjekk an å få til ein litt ureglementert handel, var Lars ikkje så tung å be. Slik vart eg eigarmann av «Sola e komma».

I åra etter Vårsøg har Henning Sommerro bygd ei karriere som musikar og komponist som få andre i Norge kan vise til maken til. Det er ei anna, og mykje meir omfangsrik historie enn mange kanskje er klar over. Utanom Vårsøg har Henning, inkludert tre singlar, gjeve ut 23 plater under eige namn. Forutan dette medverkar han på rundt 220 andre plateproduksjonar, og han har komponert musikk til om lag 140 scene- og filmproduksjonar. (Kjelde: Wikipedia).